Stabil moskusbestand trass sjukdom

Framtida
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Under den årlege vårteljinga av moskus blei det i år funne 249 dyr på Dovrefjell. Det er 29 fleire enn i fjor, fortel Miljødirektoratet.

Moskusbestanden blir målt i talet på kalvar per vaksne ku. Det siste året har denne delen gått kraftig ned frå 0,57 i fjor til 0,22 i år.

– Lungebetennelse er truleg den viktigaste årsaka til at mange kalvar har døydd, seier seniorrådgjevar Tord Bretten i Statens naturoppsyn.

Etter kalvinga i år er det venta 70–80 nye moskuskalvar, og at bestanden totalt vil telja 330–340 dyr. Bretten reknar likevel med at ein del av kalvane utover seinsommaren og hausten vil bukka under av lungebetennelse slik dei har gjort i åra før.