Ny pyramide funnen i Egypt

Framtida
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Pyramiden frå det 13. dynastiet (frå rundt 1803 til 1649 fvt.) vart funnen i den kongelege nekropolen Dahshur, rundt 30 kilometer sør for Egypts hovudstad Kairo.

Det er blant anna funne ei blokk i alabaster, der ti vertikale linjer med hieroglyfar er gravert inn, opplyser ein talsperson for Egypts antikvitetsdepartement.

Fleire dørbjelkar i granitt og steinblokker er gravne fram, og arkeologane trur dei kan vere med på å gi informasjon om den indre strukturen på pyramiden. Utgravingane er framleis i eit tidleg stadium, og storleiken på pyramiden er så langt ukjent.

– Alle delane av pyramiden som er oppdaga så langt er i veldig god stand, opplyser departementet.


Arkeologane håpar at hieroglyfane kan avsløre identiteten til eigaren av pyramiden. Foto: Egypts antikvitetsdepartement

Gravkammer til ei dronning
Egypt kan så langt skilte med 123 pyramidar, fortel den berømte arkeologen Zahi Hawass, som har vore minister for oldtidssaker og fortidsminne i Egypt. Ifølgje Hawass tyder funna i Dahshur så langt på at arkeologane har funne gravkammeret til ei tidlegare dronning, som vart gravlagt i nærleiken av mannen eller sonen sin.

– Håpet er no å finne ei inngravering som kan avsløre identiteten til eigaren av pyramiden. Det å finne namnet på ei hittil ukjent dronning vil vere eit tillegg til historia, seier Hawass.

Pyramiden ligg i nærleiken av Den bøygde pyramiden, der faraoen Sneferu vart funnen. Sneferus antatte son, Khufu – kanskje betre kjent under sitt greske namn Kheops – sette i gang konstruksjonen av Kheopspyramiden, som er eitt av antikkens sju underverk.

LES OGSÅ: Jonas Lysø har diagnosen bipolar og som pressar eigne grenser når han reiser til Egypt.