Nordens største litteraturfestival har programmet klart.

NPK-NTB
NPK-NTB

Indisk litteratur set sitt preg på festivalen i år, som blir arrangert 30. mai – 4. juni. Jerry Pinto, Laxmi, Tishani Doshi, Salma, Rana Dasgupta, Sharad Paul og Salil Tripathi er alle klare for festivalen på Lillehammer, går det fram av ei pressemelding.

Simen Ekern, Kamila Shamsie, Salil Tripathi, Sjòn, Bård Vegar Solhjell, Larry Siems, Elisabeth Åsbrink, Andrew McMillan, Margie Orford og Rana Dasgupta er forfattarar som kjem for å bidra med debatt og kritisk ettertanke, ifølgje arrangøren.

Kamila Shamsie er årets Bjørnsonforelesar. Ho er fødd i Pakistan i 1973 og har fått ei rad litterære prisar. "Brente skygger" var den første boka hennar på norsk.

Samtale om Syria
Blant andre høgdepunkt kan nemnast Åsne Seierstads samtale med den syriske journalisten og dokumentarskaparen Ali Al-Ibrahim.

Seierstad får på den norske deltakarlista selskap av forfattarar som Vigdis Hjorth, Ida Hegazi Høyer, Kyrre Andreassen, Mona Høvring, Selma Lønning Aarø, Unni Lindell, Tove Nilsen og Kim Leine.

Også fleire kjenningar frå Sverige deltar, blant andre Jason Timbuktu Diakité, Steve Sem-Sandberg og Johan Theorin.

Arrangørane planlegg også ein stor festkveld med blant andre Karl Ove Knausgård, John Freeman og Hans Herbjørnsrud torsdag 1. juni.

LES OGSÅ: Møt debutant Ingunn Thon og OLLIS

Oppdatert: sundag 4. juni 2017 19.28

LES OGSÅ

ANNONSE