– Det trengs meir klimapolitikk for å nå 2020-målet

Åsmund H. Eikenes
Publisert
Oppdatert 05.06.2017 15:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det trengs meir klimapolitikk

I dag la regjeringa og samarbeidspartia fram oppdaterte framskrivingar av klimautsleppa. Dei forventa utsleppa går nedover, men når ikkje målet for 2020.  

Tala som regjeringa presenterte legg opp til at Noreg reduserer utsleppa med 3 millionar tonn CO2-ekvivalentar i 2020, samanlikna med 2015. Resultatet er eit utsleppsnivå som er 2-4 millionar tonn over målet for 2020 som regjeringa har forplikta seg til gjennom klimaforliket.

– Det er svært gode nyheiter og det viser at regjeringa sin politikk verkar, seier statsminister Erna Solberg i ei pressemelding.

Nedlegging av gasskraftverket på Mongstad, auka produksjon fornybar energi, oljefyrforbod og innfasing av biodrivstoff er blant dei viktigste årsakene til dei planlagte utslepsskutta.

ZERO: Trengst meir klimapolitikk
– Sjølv om tala viser at vi endeleg er på rett veg, så knekk vi ikkje utsleppskurvene raskt nok til å nå klimamåla våre. Det betyr at regjeringa må skjerpe klimapolitikken betydeleg i åra som kjem, seier Marius Holm (biletet), leiar i miljøstiftinga ZERO i ei pressemelding.

Holm meiner regjeringa må lage meir klimapolitikk for å lukkast med å nå klimamåla. Etter kvart som bilar med låge utslepp erstattar ein større del av den noverande bilparken, er det venta noko større effekt på utsleppa.

– Regjeringa må no forplikte seg til ei årleg opptrapping av avgiftene på fossile bilar og drivstoff fram til 2025, seier Holm.

Naturvernforbundet: – Ikkje ei styrking av klimaforliket
– Det er gledeleg at utsleppa ser ut til å reduserast dei neste åra, men det skulle berre mangle. Vi er fortsatt langt frå målet som er satt for 2020 gjennom klimaforliket. Dette er ikkje ei styrking av klimaforliket, seier Silje Ask Lundberg, leiar i Naturvernforbundet i ei pressemelding.

Ifølgje Naturvernforbundet har dei norske utsleppa auka med over fire prosent sidan 1990, medan Sverige har klart å redusere sine utslepp med ein firedel.

– Dette viser at vi heng bakpå, og treng langt kraftigare verkemiddel for å kutte utsleppa, seier Lundberg.

Ho minner om at tala til regjeringa og samarbeidspartia er prognosar, og ikkje gjennomførte utsleppskutt.


– Dette er ikkje ein styrking av klimaforliket, seier Silje Ask Lundberg, leiar i Naturvernforbundet.

LES OGSÅ: Slik blir du klar til klimadebatt