Bergen: – Språkrådet ska hem

Framtida
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg vil vere offensiv og seie «velkommen til Bergen». Det blir mykje og ofte diskutert om å flytte institusjonar ut av Oslo, men ikkje kor dei skal. Det må jo lykkast òg, og eg meiner Bergen er den byen som har best føresetnader for å lykkast, seier byrådsleiar Harald Schelderup (Ap) til Bergens Tidende.

Saman med Universitetet i Bergen (UiB), Norges Handelshøyskole (NHH) og Høgskulen på Vestlandet (HVL) vil byrådsleiaren no kjempe for å få Språkrådet til Bergen.

Språkrådet er éin av fleire statlege institusjonar regjeringa vil vurdere å plassere utanfor Oslo.

LES OGSÅ: Språkrådet kan miste rettskrivingsansvar

Tidlegare har fylkesmann Anne Karin Hamre i Sogn og Fjordane signalisert at fylket gjerne blir vertskap for Språkrådet, om det skal flyttast ut av Oslo. Stord Næringsråd og Regionrådet for Hallingdal har òg meldt seg på kampen om å få Språkrådet.

I nynorskmiljøet er likevel skepsisen stor til ei flytting av Språkrådet. Styret i Noregs Mållag gav nyleg uttrykk for bekymring for kva som da kan skje med kompetansen i rådet, og at det vil ta lang til å byggje opp noko tilsvarande ein annan stad. Slik Mållaget ser det, er Bergen den einaste byen utanom Oslo som eventuelt kan tilby det språkfaglege miljøet som Språkrådet er avhengig av.

LES OGSÅ: – Språkrådet må vere i Oslo eller Bergen

Ottar Grepstad, direktør i Nynorsk kultursentrum og tidlegare styreleiar i Språkrådet, er heller ikkje entusiastisk for tanken om å flytte Språkrådet.

– Det er brukt ti år på å byggje opp Språkrådet, og viss det blir flytta, blir det "på 'an igjen". Det er språkpolitisk uansvarleg, og det vil svekkje Språkrådet i lang tid, seier Grepstad til Bergens Tidende.