Høgskulen i Volda tek over det faglege ansvaret for Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa.

Møre-Nytt
Møre-Nytt

Saka var først publisert i Møre-Nytt.

Høgskulen har vore vertsinstitusjon for det som vanlegvis blir kalla Nynorsksenteret sidan etableringa i 2005. Frå 1. januar skal høgskulen også ta over det faglege ansvaret for senteret, og både oppdrag og finansiering skal inkluderast i Høgskulen i Volda sitt oppdragsbrev, melder høgskulen på nettstaden sin.

Nynorsksenteret har tidlegare vore underlagt Utdanningsdirektoratet, og fått eige oppdragsbrev og eiga løyving til drifta.

Endringa er ein konsekvens av Stortingsmeldinga «Lærelyst – tidlig innsats og kvalitet i skolen», som vart presentert fredag.

HVO-rektor Johann Roppen og senterleiar Torgeir Dimmen veit førebels lite om kva konsekvensar denne nye organiseringa vil får for aktiviteten ved Nynorsksenteret.

– Signala så langt er at Nynorsksenteret får dei same oppgåvene innanfor Høgskulen i Volda som vi har hatt under Utdanningsdirektoratet, seier de,

Dei siste åra har senteret hatt 10-12 tilsette og 8-9 årsverk.

Oppdatert: sundag 4. juni 2017 19.27
ANNONSE