Samarbeider mot falske nyhende

VG, Dagbladet og NRK går saman om satsinga Faktisk.

Åsmund H. Eikenes
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I går la kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen, sjefredaktør i VG, Gard Steiro, og sjefredaktør i Dagbladet, John Arne Markussen fram planane for tenesta «Faktisk».

Målet med initiativet er å faktasjekke offentleg debatt og bidra til eit rausare ordskifte, opplyser dei tre aktørane i ei felles pressemelding. Tenesta skal vere på plass før sommaren.

– Vi tar på alvor det faktum at vi lever i ei tid med falske nyhende og veldig mange forhold som pregar samfunnsdebatten på negative måtar, seier sjefredaktør i Dagbladet, John Arne Markussen, til si eiga avis.

LES OGSÅ: Desse studentane har falske nyhende på pensum

Skal faktasjekke sosiale medium
Tidlegare Dagbladet-journalist Kristoffer Egeberg er ansvarleg redaktør for Faktisk. Redaksjonen skal arbeide uavhengig av dei tre mediehusa VG, Dagbladet og NRK.

– Vi skal faktasjekke påstandar og postar i sosiale medium, særleg dei som trendar. Men også debattar og kommentarar som får stor merksemd skal vi faktasjekke. Vi skal også avdekke falske nyhende, seier Egeberg til Journalisten.

Kunstig intelligens og opne data
Programvaregiganten IBM skal også bidra til prosjektet.

– Vi håpar vår erfaring med kunstig intelligens og maskinlæring kan bidra til ein mer effektiv faktasjekk for Faktisk, seier kommunikasjonssjef Otto Backer Solberg i IBM til VG.

Ein av styrkane til kunstig intelligente system er potensialet for å handtere svært store datamengder. IBM har også utvikla den kunstige intelligensen Watson, som mellom anna bidreg til moderne kreftbehandling ved å leite gjennom millionar av forskingsartiklar og pasientdata.

På nettsidene sine skriv Faktisk at «verktøya vi utviklar vil bli publisert som open kjeldekode. Organisasjonen skal vere open om kjelder, metode og finansiering».

LES OGSÅ: Algoritmar – korleis kan dei endre verda