Utbrotet på vulkanen Etna vart fanga av den europeiske satellitten Sentinel-2A.

mm

I går ettermiddag eksploderte vulkanen Etna på Sicilia, og ti menneske vart skadde av steinsprut, skriv ABC nyheter.

Utbrotet vart fanga at den europeiske satellitten Sentinel-2A, og viser tydeleg korleis den glovarme lavaen strøymer ut av vulkanen.

Sentinel-2A er den eine av to satellittar i Europa sitt jordovervåkingsprogram Copernicus. Satellittane tek høgoppløyselege bilete av jorda med mange ulike kamera, og gir informasjon om vegetasjon, skogdekke, klimaendringar og atmosfære.

Etna er Europas største aktive vulkan, og mindre utbrot er ikkje uvanleg. Det siste store utbrotet var i 2009.

I slutten av februar var det også eit mindre vulkanutbrot frå Etna.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.15

LES OGSÅ

ANNONSE