Undervatnsbåten skal studere klimaendringar i havdjupet utanfor Sørpolen.

Boaty McBoatface, ein gul ubåt, er klar til sin fyrste ekspedisjon, melder National Oceanography Centre (NOC) på sine nettsider.

Boaty er ein del av ekspedisjonen kalla DynOPO (Dynamics of the Orkney Passage Outflow), leia av forskingsskipet James Clark Ross. Avreisa mot Sørpolen er frå Punta Arenas i Chile den 17.mars.

Undervatnsbåten er ein såkalla Autosub Long Range. Foto: NOC

Namnekonkurranse
Det litt uvanlege namnet til undervatnsfartøyet kjem frå ein namnekonkurranse som ikkje gjekk heilt som planlagt. I fjor utlyste det britiske Natural Environment Research Council (NERC) ein konkurranse for å gi namn til eitt av dei nye forskinsgskipa sine.

Emneknaggen med forslaget #BoatyMcBoatface tok Twitter med storm, men NERC valgte i staden å gi båten namnet RRS Sir David Attenborough. 

Det humoristiske namnet vart istaden gitt til den vesle, gule undervatnsbåten som no skal ut på ekspedisjon. Boaty skal dykke ned til 3500 meter ved spissen av det antarktiske kontinentet, og skal bidra til å kartlegge korleis klimaendringane påverkar havområda ved Sørpolen. 

Ifølgje BBC har NERC og NOC allereie starta den populærvitskaplege formidlinga av prosjektet:


Foto: NERC/NOC. Frå BBC

Les meir om klima

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.15

Kommentarar

ANNONSE