Nevenyttige Tommy (17) fiksar opp båtar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka vart først publisert i Kvinnheringen.

Heilt sidan han var to år, har familien hans eigd båt. I lag med pappa og bestefar har Tommy Totland Vågenes pussa mykje på båtar opp igjennom. Ikkje så rart då at båtar har blitt ei av dei fremste interessene hans. Eller ein kan i grunnen seia den fremste. I sesongen er Tommy på sjøen frå sola står opp til den går ned.

– Det eg likar så godt, er at ein er så fri når ein er på sjøen. Og så kan ein oppdaga og utforska mange spennande plassar. I tillegg elskar eg bølgjer. Det er fantastisk gøy å køyra liten båt i bølgjene frå store båtar, smiler han.

Vi møter 17-åringen ved Rosendal Marina, der han kvar torsdag er utplassert. Her får han vera med å laga delar til båtar, mellom anna. I tillegg har han ein båt her som han har pussa og polert for eigaren.

– Denne jobben er veldig kjekk. Eg er her i vintersesongen, og så er eg på golfbanen på Husnes i sommarsesongen. På måndagar er eg utplassert på Husnes storsenter som vaktmeister. Ein vaktmeister-jobb kunne eg forresten tenkt meg når eg blir vaksen, fortel han.

Under god rettleiing av Sven-Vidar Syversen får Tommy halda på med spennande arbeidsoppgåver ved Rosendal Marina kvar torsdag.

Under god rettleiing av Sven-Vidar Syversen får Tommy halda på med spennande arbeidsoppgåver ved Rosendal Marina kvar torsdag.

Nedsøkkt
Han er elev ved arbeidstreningsklassen ved KVV, og stortrivst både der og i bedriftene har har utplassering i. Og fritida brukar han altså mykje til å pussa på og køyra båtar, i alle fall i sesongen. I fem år no har han budd hos May-Lis og Knut Jan Kaldestad i Vågen på Valen, og her får Tommy boltra seg mykje ved sjøen. Han har to båtar ståande i strandkanten. Ein av dei har han redda frå havets botn.

– Eg synest det er spennande å reisa rundt på fjorden og sjå etter forliste båtar. Éin dag fekk eg auge på ein nedsøkkt båt på Sunde. Eg heldt på å køyra over den først, fortel han.

Tommy etterlyste eigaren på Facebook, og fekk greie på at båten hadde lege under vatn i 4–5 år. Eigaren sa at Tommy kunne få båten viss han ville. Og det ville han sjølvsagt.

– Eg fekk hjelp av ein kamerat til å få opp båten, som var av typen GH 13. Eg såg etter at den ikkje hadde svarte flekkar, for om båten har mugna og fått sopp, er det ikkje mykje håp for den. Men denne hadde ikkje det, får vi veta.

Dei to kameratane fekk båten til kai, vaska den så godt dei kunne, og så ville Tommy prøva å køyra den heim til Valen.

– Eg kom meg ikkje langt før eg kjende at noko var i vegen, så då var det berre å køyra tilbake til land. Her oppdaga eg at det var hol både i båten og i tankane. Det eine holet under båten var stort, fortel Tommy.

Han fekk plastra hola med glasfiberduk og stoff, og sidan pussa han heile båten med sandpapir.

– Eg fekk noko maling av storsenteret, så eg mala båten mørkebrun og korallraud. No køyrer eg rundt med den stadig vekk, og med motoren eg har på, får eg den oppi 20 knop, smiler ein strålande nøgd båtlivreddar.

Kjekt med småbåtar

I tillegg har Tommy ein rundt 30 år gamal Askeladden-båt, som han kjøpte for konfirmasjonspengane. Denne får òg mykje puss og pleie av den stolte eigaren, og den blir òg brukt på vinterstid. Ein gamal trebåt har han ståande hos mamma i Manger. Også denne har han planar for etterkvart.

– Eg synest det er utruleg kjekt å pussa opp båtar. Eg veit at det er nokre forliste småbåtar på Husnes også, og tenkjer at eg skal ta ein tur og leita etter nokre av desse. Kanskje får eg tak i eigarane òg, og då kan eg spørja om dei vil overlata båten til meg, smiler han.

Vi spør kva draumebåten til Tommy er?

– Eg veit ikkje om eg har ein spesiell. Det er klart det hadde vore kjekt med ein flott yacht ein dag, men dei er så altfor dyre. Eg likar no godt desse småbåtane òg, då kjem ein verkeleg i kontakt med havet, forklarer han.

Sjølv om skulen og båtlivet tar mykje av tida til Tommy, tar han seg tid til andre hobbyar òg.

– Eg er ansvarleg for lyd og lys på Nattkafeen på Husnes, den som er på fredagskveldar. Elles så likar eg godt å spela data, særleg Minecraft, og eg er glad i å ta bilde. Eg har eit Nikon spegelreflekskamera, forklarer båtentusiasten.