– Boka fortel at alle må tora å vera seg sjølve

Nina Lykke fekk Ungdommens kritikarpris.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sju juryklassar i vidaregåande skular frå Kirkenes til Lillesand har kåra romanen Nei og atter nei! av Nina Lykke til vinnar av Ungdommens kritikarpris 2017.

Elevane plukka ut romanen blant åtte nominerte bøker, blant dei Arv og miljø av Vigdis Hjorth, som er nominert til Nordisk råds litteraturpris.

– Dette var fantastisk! Eg er veldig overraska. Det å bli nominert betydde mykje, men det å vinna er nesten uverkeleg i eit sånt selskap, sa Nina Lykke under prisutdelinga i Oslo torsdag.

Bak prisen står Foreningen les, Utdanningsforbundet, Norsk Kritikerlag og Den norske forleggerforening.

Storjurymøtet med dei sju klassane meinte at Nei og atter nei! treffer deira generasjon særs godt.

– Me vil ikkje hamne i den same situasjonen som karakterane i boka. Romanen fortel oss at alle må finna seg sjølve og tora å vere seg sjølve. Det er ein samfunnskritisk og generasjonskritisk roman som gjer at me tenker over liva våre og kva som verkeleg er viktig i livet, seier juryen i grunngivinga for tildelinga.

Dei andre bøkene som var nominerte, var Varsjøen av Thomas Marco Blatt; Den kvite vegen: stemningar frå Salbu av Kjartan Hatløy; Søster av Gro Dahle; Angiveren av Terje Holtet Larsen; Dammyr av Victoria Kielland og Bungalow av Inghill Johansen.

Juryen var sett saman av andreklassar ved vidaregåande skular i Trondheim, Kirkenes, Knarvik, Hamar, Stavanger, Lillesand og Nittedal.

Les fleire bokmeldingar her!