«Feminist var eit ord eg ikkje vurderte å nytte om meg sjølv»

Inger Helgestad
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kjem ut av skåpet

Dei siste åra har eg fått augo meir og meir opp for feminisme. Aldri tidlegare har eg kjent på behovet om å kalle meg sjølv feminist. Aldri har eg tenkt på det som nødvendig, heller. Eg har gått i alle dei klassiske feminismefellene, men etter å ha brukt årets kvinnedag blant forkjemparar og feministar på Youngstorget, sit eg att med ei sterkare kjensle på at eg vil tørre å seie: Eg er feminist.

LES OGSÅ: «Er du ein slik femi-nazi du, eller?» 

Den første fella eg har gått i, som nemnt ovanfor, er å tru at feminisme ikkje lenger er nødvendig. At det er ein kamp som høyrer fortida til, eit omgrep som høyrer fortida til, og ikkje noko eg sjølv treng å identifisere meg med. Kvinner og menn er vel likestilte i dag? Det same spørsmålet blei stilt på Youngstorget 8.mars, og svaret var eit einstemmig neiNoreg er kommen langt, men full likestilling har me ikkje.

Dessutan handlar det ikkje berre om Noreg. Det handlar like mykje om kvinner i andre delar av verda, kvinner som manglar dei aller mest grunnleggande rettane. Rett til å bestemme kven ein skal gifte seg med, rett til utdanning og rett til å delta i samfunnet generelt. Med andre ord; Feminisme er fortsatt viktig, og kvinnedagen er ei nødvendig markering.

LES OGSÅ: 8 grunnar til å gå i 8. mars-tog i 2017 

Den andre fella eg har gått i, gjeld sjølve ordet feminist. Mange påpeiker at dette ordet gir negative assosiasjonar, og tidlegare ikkje har vore noko dei har ønskt å identifisere seg med. Det same har eg kjent på sjølv. Ordet feminist var lenge eit ord eg ikkje ein gong vurderte å nytte om meg sjølv. Eg såg ikkje på det som aktuelt.

I det siste har eg derimot forstått at feminisme ikkje er eit skummelt ord. I tillegg har eg òg skjønt at det i aller høgaste grad er aktuelt. Det handlar om like rettar for alle kjønn, verken meir eller mindre. Det handlar om den stadige seksualiseringa og kommersialiseringa av kvinnekroppen, retten til sjølvbestemt abort og rettssikkerheit for kvinner. Det handlar om at ingen i løpet av ei valdtektssak skal stille spørsmålet: «Men kva klede hadde ho på seg?». Det handlar om at menn ikkje skal bli lært opp til at gutar ikkje græt, og at også gutar skal få høyre at det er greitt å vise kjensler. Det handlar om fridom. Og det handlar om så mykje meir, som eg vil vere med å kjempe for.

Eg ønskjer like rettar for alle kjønn. Eg ønskjer likestilling. Dermed skal eg no tørre å seie, at eg er feminist.