Kristina Leganger Iversen åtvarar mot å ikkje førehandsdøme jentene.

mm

Mann får strafferabatt for vald mot partnaren sin, fordi ho hadde vore utru. Det er liksom litt greiare å spenne eit anna menneske gjentatte gongar etter å ha dratt det etter håret gjennom leilegheita, om ho har hatt sex med nokon andre.

Spørsmål om tolking. Kven tar ein omsyn til? Kven skal ein føle med. Kven kjem tvilen til gode.

Les korleis det gjekk då eit studentteater spelte ei valdtektssak i tingretten

«Er du tretten er du med»
Ein guttegjeng bruker ein stad mellom femti og hundre tusen på ein russelåt. Dei får ein russelåt der vokalisten inviterer trettenåringar med i den eine linja, og ber dei som sug gå ned på kne, i neste linja.

Eit spørsmål om tolking, seier låtskaparane. Dei vil ha seg fråbedd at nokon meiner dei oppfordrar til pedofili, og har ansvar – det er folk sitt eige ansvar korleis dei tolkar teksta, meiner dei. Ikkje deira. Logikken minner om den Yahya Hassan nytta då han debuterte, berre her er det ikkje minoritetens rett til å skildre vald i eigen familie, men kvite menns rett til å selje kvasi-pedofile låtar til unge gutar som vil framstå som blaserte, amoralske og provokative.

Alle veit jo at desse tekstene ikkje presenterer oss, seier ein av russegutane, og det kjipe er at han sikkert har rett.

Igjen og igjen tolkar vi kvite gutar og menn i beste meining. Vi forstår og forstår dei, anten det er i domstolane eller i kulturen.

LES OGSÅ: Bryr vi oss mest om sexisme når det kjem frå svarte?

Humørlause feminaziar
Vi er så opptatt av at vi ikkje må førehandsdøme menn, eller at vi må skilje mellom dei som privatpersonar og som offentlege personar eller kunstnarar. Vi går på kino og ser filmar av Polanski (som har rømd frå amerikanske myndigheiter tiltalt for å ha sodomisert eit barn), jublar når Casey Affleck får Oscar (trass i mange historier om seksuell trakassering), vi stemmer dei inn som presidentar eller som stortingspolitikarar.

Vi seier, it's just words, it's just boy talk, garderobesnakk.

Vi må ikkje førehandsdøme dei, gutta. Må ikkje skjære alle over ein kam.

Vi må tolke dei i beste meining.

Og så skyv vi konsekvensen av det bort.

At vi då også samstundes førehandsdømmer jentene og kvinnene ved å alltid, alltid forstå menn i beste meining. Vi dømmer dei til auka risiko for valdtekt. Til bedriten sex med menn med dritthaldningar. Til menn som tenkjer dei kan slå om du oppfører deg "horete". Til menn som tenkjer dei kan ligge med deg fordi du låg med kompisen deira. Til menn som tenkjer at å ha sex med nokon er som å ha sex på nokon. Eller med noko. Til menn som tenkjer dei kan dele bilete av deg fordi du gjorde det slutt. Til menn som tenkjer dei kan trakassere deg på arbeidsplassen, fordi det uansett sannsynlegvis ikkje får nokre konsekvensar. Til menn som lagar fellesskap basert på pedofilivitsar, fordi alle veit at "ingen" meiner det. Fordi dei som ikkje med, er humørlause feminaziar.

Og kven vil vel vere det?

LES OGSÅ: «Er du ein slik femi-nazi du, eller?»

Sexistisk inngangsbillett
Når overgriparar er i elitane anten det er i politikken eller kunsten, når songane vi festar til eller humoren vi dannar fellesskapet rundt er sexistisk, blir sexismen inngangsbilletten for å ta del i fellesskapet. Sånn lærer vi opp jenter til å alltid, alltid identifisere seg og sympatisere med menn, å ønske deira anerkjenning fordi dette er vegen til makt og kapital. Å alltid tolke dei i beste meining, fordi ein trenger noko frå dei. Ein treng å jobbe med dei på arbeidsplassen, ein har lyst til å ha det kjekt på fest.

Samstundes seier vi til jentene at det er deira ansvar å unngå å bli utsett for overgrep. Som politiet i Bergen, som særskilt oppfordra foreldra til jenterussen om å førebu barna sine. For samstundes som jentene ikkje har rett til å mistru menn som gruppe, så skal dei heller ikkje føle seg for trygge, for frie, ha det for gøy eller leve for vilt.

Kven orkar eigentleg å forholde seg til formanande vaksne? Ikkje jentene som har lært å tolke gutta i beste meining iallfall. Og så dansar jentene til rapelyricsa. Iallfall dei som framleis trur alt berre er tull. Dei som heldigvis har slept å erfare at det ikkje alltid er det.

Som har slept å kome med forteljinga si og bli møtt med skepsis.

«Det der er alvorlege anklagar. Vi kan ikkje førehandsdøme nokon.»

Innlegget var først publisert på Facebook og er republisert med løyve frå forfattaren.

Oppdatert: måndag 5. juni 2017 12.15

Kommentarar

ANNONSE