Fire av fem skogselefantar forsvunne frå nasjonalpark

Åsmund H. Eikenes
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fire av fem elefantar drepne

Ei opptelling frå Minkébé National Park i Gabon viser at 80 prosent av elefantane er drepne av krypskyttarar. Naturreservatet vart etablert i 2002 for å sikre skogselefantane i Sentral-Afrika.

Forskingsprosjektet er leia av John Poulsen ved Duke University i North Carolina, USA. Saman med Lee White, sjef for nasjonalparkane i Gabon, har Poulsen og teamet nytta to ulike metodar for å kartlegge talet på skogselefantar i parken.

Opptellinga viser at medan det var 32 000 – 35 000 skogselefantar der i 2004, var det berre  6 500 – 7 300 skogselefantar att i ti år seinare. Så mange som 25 000 elefantar er forsvunne frå nasjonalparken, kjem det fram i rapporten (pdf).

LES OGSÅ: Forskar på avføringsprøvar frå 200 heilage apar


Ein vaksen skogselefant med kalv badar i elva. Foto: Wikimedia Commons

– Kan bli utrydda
Den drastiske nedgangen gir grunn til bekymring. «Tap av elefantane frå nasjonalparken er eit betydeleg tilbakesteg for vern av arten», skriv forskarane.

Ifølgje Lamine Sebogo (biletet), sjef for World Wildlife Fund (WWF) sitt Elephant Conservation program, viser resultata at skogselefantane i Minkébé er under stort press.

– Dersom denne trenden ikkje blir tatt tak i, står elefantbestanden i Minkébé i stor fare for å bli utrydda. Situasjonen for skogselefantar i andre naturreservat i Sentral-Afrika liknar, og ein nyleg opptelling frå Kamerun viser ein 75 prosent nedgang, skriv Sebogo i ein epost til Framtida.no

Les meir om stamtreet til elefantane

Elfenbeinshandel
John Poulsen meiner at det er sterke bevis for at det er krypskyttarar som er årsaka til den kraftige nedgangen i elefantbestanden i nasjonalparken i Gabon.

Minkébé National Park ligg på grensa til Kongo og Kamerun, eit sentrum for store delar av den internasjonale elfenbeinshandelen. I rapporten understrekar forskarane at skogsvegar i områda rundt naturreservatet legg til rette for krypskyttarar.

Både dei afrikanske landa og det internasjonale samfunnet har sett i verk tiltak for å bremse elfenbeinshandelen. I 2012 sette myndigheitene i Gabon fyr på 4500 kilo støyttenner, og vart det første afrikanske landet som viste eit svært tydeleg signal i kampen mot ulovleg jakt på elfenbein.

I desember meldte Kina at dei vil forby all kommersiell elfenbeinshandel innan utgangen av 2017, noko som vil bidra til å redde elefantane som er att.

«Kritisk utryddingstruga»
I haust åtvara Verdas naturvernunion (IUCN) om at elefantbestanden i Afrika har gått ned med over 110.000 individ dei siste ti åra.

DNA-analysar viser derimot at dei afrikanske elefantane tilhøyrer to ulike artar, kalla skogselefant og savanneelefant. IUCN vurderer dei to artane samla under eitt, på raudlista markert som «sårbar».

– Mange pågåande forskingsprosjekt og diskusjonar omhandlar klassifiseringa av afrikanske elefantar, men fram til no er det framleis vurdert slik at skogselefantar og savanneelefantar blir verande som to underartar av ein enkelt art, forklarar Sebogo.

Ein av konklusjonane frå Poulsen si opptelling, er at skogselefantane i staden bør få status som «kritisk utryddingstruga». For å hindre utrydding må det internasjonale samfunnet anerkjenne skogselefantane som ein eigen art, meiner forskarane.

LES OGSÅ: Sjiraffen kan bli utrydda

Økonomien strekk ikkje til
Sebogo i WWF er einig i at å ikkje anerkjenne to artar har negative konsekvensar for arbeidet med å hindre utrydding, men meiner at det er pengar som i størst grad kan bidra til å verne skogselefantane.

– Omfattande finansiering er nødvendig for å oppretthalde permanent og velutstyrt vakthald, samarbeid med lokalbefolkninga og på tvers av landegrenser, forbetring av lovverk, utvikling av nettverk av informantar og gjennomføre kampanjar for å redusere marknaden for elfenbein. Den noverande finansieringa frå det internasjonale samfunnet er ikkje tilstrekkeleg for å ta tak i krypskyttarkrisa for skogselefantane, skriv han.

LES OGSÅ: Vil kartlegge alt levande på jorda