– Byggeklare prosjekt blir nedprioriterte

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Byggeklare banar blir nedprioriterte

Mange over heile landet har uttrykt glede over det som er lagt fram i Nasjonal transportplan (NTP). Men valforskar Frank Aarebrot meiner det er liten grunn til å juble.

– Transportplanen er veldig langsiktig. Det blir presentert prosjekt som ikkje vil vere ferdigstilt før 2050. Det skal vere mange stortingsval før den tid, seier Aarebrot til Nynorsk pressekontor.

Torsdag presenterte regjeringa og støttepartia hovudtrekka i Nasjonal Transportplan, under ein pressekonferanse på Oslo S. Mange av punkta dei presenterte var kjent frå før.

– Pressekonferansen blei eit antiklimaks for mange, fordi det meste hadde blitt kjent gjennom regjeringa si rundreise i landet på førehand. Då regjeringspartia byrja å drype informasjon kasta òg støttepartia seg på. Dette er truleg gjennomtenkt strategi både frå regjerings- og støttepartia, seier Aarebrot.

Burde prioritert annleis
Valforskaren synest regjeringa burde prioritert annleis.

– Om eg var Erna Solberg ville eg ha fokusert meir på prosjekt som er spadeklare. Planen som no er lagt fram syner at fleire prosjekt som er byggeklare blir utsett.

Har du nokre eksempel?

– Det såkalla Østlandstriangelet er eit godt eksempel. Delar av prosjektet blir utsett til 2030- 2034. Eit anna eksempel er utsettinga av bygginga av Ringeriksbana med to år. Dette er spadeklare prosjekt som bør prioriterast, seier valforskar Aarebrot

Vestlendingane snik i køen
Aarebrot meiner vi historisk sett finn fleire eksempel på at Nasjonal transportplan ikkje er nokon fasit på kva som skal skje på samferdsle-feltet.

– Historia syner at spesielt vestlendingane er gode på å få prioritert bygging av sine prosjekt, trass i at dei ikkje har stått fremst i køen i NTP. Dette kjem nok i stor grad at dei nyttar bompengar som finansieringsverktøy i større grad enn andre.

Han trekkjer fram eit konkret tilfelle frå Hordaland.

– Folgefonntunnelen og Trekantsambandet (vegsystem som knyter saman Stord, Bømlo og Sveio, journ. anm.) blei bygd om lag samtidig. Her var nok bompengefinansiering avgjerande for at prosjekta blei prioritert framfor andre prosjekt, som i utgangspunktet stod lenger framme i køen.

Fakta om lekkasjar frå NTP

* Transportplanen har ei ramme på 928,7 milliardar kroner ifølgje fleire medium. Regjeringa opererer med rundt 1.000 milliardar (1 billion) kroner.

* Dei set av rundt 16 milliardar kroner i planperioden til ny Oslotunnel for jernbana, som skal stå klar i 2032.

* Etter at den nye tunnelen er ferdig, skal også heile Intercity-triangelet på Austlandet vere klart.

* Dei borgarlege partia gir også grønt lys til bygging av dobbeltspor på det ytre Intercity-triangelet heilt til Lillehammer, Halden og Skien. Prislappen for dette er 52 milliardar kroner.

* Det skal byggjast dobbeltspor på Sørlandsbanen. Denne utbygginga blir sett i samanheng med planar om ei samankopling mellom Sørlandsbanen og Vestfoldbanen, ifølgje Fædrelandsvennen.

* Ifølgje NRK blir det sett av 3,6 milliardar kroner til Trønderbanen og Meråkerbanen, i ei satsing der elektrifisering er hovudmomentet.

* Regjeringa vil bruke 6,5 milliardar kroner til elektrifisering av strekningar i Innlandet, bygging av nye godsterminalar og å betre kapasiteten for godstransport.

* Det blir også bygging av Ringeriksbanen. Prislappen er på om lag 20 milliardar kroner, ifølgje Bergens Tidende.

* Det blir dobbeltspor på jernbana mellom Arna og Stanghelle på Bergensbanen.

* Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) bekrefta onsdag utbygging av E8 i Ramsfjord.

* Statsminister Erna Solberg (H) kom onsdag med nyheiter om ein ny ringveg aust mellom Arna og Vågsbotn, ny ferjefri E39 mellom Ådland og Svegatjørn, og om Sotrasambandet då ho heldt pressekonferanse på Arna stasjon.

* Bodø får ein ny flyplass til nærare 5 milliardar kroner. Av denne summen kjem 2,4 milliardar som friske middel i NTP.

* Full utbygging av E18 i NTP-perioden. Utbygginga av parsellen frå Lysaker til Strand og vidare til Slependen skal starte i første periode og bli bygd vidare kontinuerleg, ifølgje Budstikka.

* Østlandets Blad har meldt at ny E18 mellom Retvet og Vinterbro er planlagt i første planperiode. Den nye firefeltsvegen gjennom Follo vart først foreslått bygd i 2024, men bygginga blir no skunda på og skal starte neste år.

* Ifølgje Bergens Tidende er det semje om å byggje Stad skipstunnel.

* Sysla skriv at Bømlo får ei ny fiskerihamn til 197 millionar. Fullfinansiering av prosjektet blir lagt inn i andre halvdel av perioden, og kan realiserast etter 2024.