– Dei kallar meg diktatoren

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka vart først publisert i Nordhordland.

Dei sju ungdommane i teatergruppa RUST imponerte på scena. Den siste tida har dei jobba intenst med stykket som skulle framførast på UKM i Nordhordland.

– Vi starta å arbeida med stykket i november, og vi har hatt øving kvar onsdag sidan. I tillegg har vi hatt helgeseminar 13 timer lørdag og søndag, seier Aron Jesperr Lona som er leiar for teatergjengen.

– Vi har jobba hardt, det er mykje terping. Dei kallar meg diktatoren, seier han med eit smil.

LES OGSÅ: – Håpar bilda mine gir folk noko

Stykket har dei skrive sjølv, og det handlar om alt ungdommar møter i samfunnet. Dei har kalla stykket «Nema», som er amen baklengs.

– Generelt sett handlar det om ulike tabu, vi tar opp alle tinga mange tenker men ingen snakkar om, seier han. Det handlar om press i ulike former, og kor stort alt kjennest for ungdommar.

– Det har vore veldig mykje sterkt under jobbinga, vi har ofte måtta stoppa opp tenke, det er alvorlege tema vi tar opp, seier Aron, og legg til at det er ein del av tinga dei gjer i stykket som kan vera ukomfortable.

LES OGSÅ: Sjå kven som gjekk vidare til fylkesfinalen i UKM

Vil ha større framsyning i sommar
– Det er veldig sterkt å få lov til å formidla ein bodskap som vi har jobba lenge med, spesielt når vi merkar at publikum tar godt imot det. Vi ser det vekker kjensler, det er hovudtanken bak stykket, seier Aron.

Utanom Aron er det ingen i teatertroppen som har noko særleg teatererfaring

– Det er tung materie ta tak i, vil helst alle kjensler skal vekkast på kortast mogleg tid, seier han. Planen er å utvida stykket til ei større framsyning i sommar.

– Vi skal setta opp ei stor framføring i sommar, men no veit vi ikkje meir enn det. Det skal vi jobba med fram mot sommaren. Vi har veldig lyst til gjera ein skuleturné, seier Aron.

André Fresvik Klausen i teatergruppa håpar dei får litt fleire folk med.

– Vi har det veldig gøy. Eg synest det er fantastisk, seier han.

Eigne låtar
Både Aron og André Fresvik Klausen i teatergruppa opptrådde i tillegg med eigne låtar under UKM. For André var låta «Captivated» den første han har laga heilt sjølv.

– Det vart litt stress på generalprøva med band, då måtte eg nærast laga heile songen på nytt, det var nervepirrande. Men eg er nøgd med innsatsen, seier han etter framføringa.

– Songen handlar om å føla seg fanga av at ein ikkje alltid kan gjera som ein har lyst til, og at forventningane ein vert møtt med ikkje alltid er dei same som ein har til seg sjølv, seier han.

André fortel at det vert fleire eigne låtar framover.

– Eg har alt eit par i skrivebordsskuffa, seier han.

Bildet til høgre viser Aron Jasperr Lona frå Radøy, som framførte låta «Diamonds don´t bend». (Foto: )

LES OGSÅ: Nynorskteater håpar på oppsving i byen