Skal ein lukkast som gründer må ein jobba hardt og samtidig ha ein god porsjon flaks, avslører BI-lektor Tor Haugnes. 

Faktaboks

Oljekrisa

– Oljeprisen har hatt store svingingar dei siste åra.

– Sommaren 2014 var prisen 115 dollar per fat. Eit halvt år seinare var prisen under 40 dollar.

– Dette får store følgjer for oljeeksportøren Norge. 

LES FAKTALUKK FAKTA

– Det som har skjedd i Stavanger er kjempeinteressant. Dei som tidlegare sat i gode jobbar blir tvungne til å gjera noko med situasjonen sin, seier Haugnes, som er ansvarleg for bachelorprogrammet for entreprenørskap og økonomi ved BI.

Nedgangstidene i oljebransjen har vore merkbare på heile Vestlandet. Rogaland og Stavanger har spesielt mange arbeidsplassar som har tilknyting til oljenæringa, og regionen har sett innsparingar og aukande arbeidsløyse.

Framtida.no har tidlegare prata med to nystarta gründerbedrifter i Stavanger, Requestify og Alder. Trass ung alder vågar dei å satsa på gründerdraumen.

Krevjande
– Å starta bedrift er ikkje for alle. Det er utruleg krevjande og ikkje alle veit heilt kva dei går inn i, seier Nils Henrik Stokke.  

Han er ein av grunnleggjarane bak Innovation Dock i Stavanger. Det er ein innovasjonsfabrikk for oppstartsbedrifter, som dei sjølv kallar seg, der gründerar kan leiga kontorlokale og få rettleiing.    

– Veldig mange kjem til oss for å spørja om råd rundt oppstarten av ei bedrift. Det kan faktisk vera betre at folk går ledige litt lengre, enn at alle skal verta gründer, seier Stokke.  

Arbeidsledige kan heller koplast mot andre oppstartsbedrifter som allereie har halde på nokre år, rår han. Stokke meiner at ein bør ha litt arbeidserfaring før ein blir gründer.

Dette skal til
– Gjennomsnittsalderen på etablerarar med suksess er i midten av 40-åra, fortel Haugnes.

Nettverk, erfaring, samansetjinga av grupper og å «time» marknaden er nøkkelpunkt for å lukkast, forklarer han. Å «time» marknaden handlar om å kjenna kunden sitt behov, kjenna kunden, og å vita om det er etterspurnad etter vara eller tenesta.   

Men det handlar ikkje berre om å treffa marknaden og å ha dei rette folka med seg. Ein må halda styr på økonomien. Ifølgje Haugnes bør ei bedrift omsetja for ein million kroner per tilsett.

– Å ha ein sunn bedriftsøkonomi er ikkje så sexy, men utruleg viktig, seier Haugnes smilande.

LES OGSÅ: Tom Erik (18) har starta eiga bedrift. Allereie nå har han sju år bak seg i redaktørstolen.

«Oljå» i Stavanger
Rogalendingane prøver seg på nye ting, og fleire satsar på livet som gründer.

– I Rogaland hadde me 5000 nyetableringar av føretak i 2016 (sjå graf over). Me ligg i landstoppen, og samanlikna med året før hadde me ein auke på 13 prosent, fortel Stokke.

I dårlegare økonomiske tider er innovasjon og gründerverksemd noko som ofte får fokus spesielt frå myndigheiter og politikarar si side. Innovasjon og nyvinning kan skapa fleire arbeidsplassar, og arbeidsplassar innan andre næringar. Stokke understreker likevel at å starta eiga bedrift er noko som ikkje alle bør gjera.

Ikkje alle bør starta bedrift, meiner Nils Henrik Stokke i Innovation Dock.

– Gigantisk sovepute
Sjølv med oljeprisar som har sunke kraftig er det mange moglegheiter i Stavangerregionen, meiner BI-lektoren.   

– I Rogaland fekk dei eit eksternt sjokk. Nå er dei inne i ein omstillingsfase, som stiller krav til bedrifter og tilsette. Det er sunt at slike ting skjer av og til, seier Haugnes.

Eit innovasjonsfokus kan vera gunstig for eit område som har hatt for gode tider for lenge.

– Olja har eigentleg vore ei gigantisk sovepute, men me har aldri hatt ei så stor kunnskapsklynge før, som den me har i Stavangerområdet nå, fortset han.

Inga rask løysing
Førebels verkar det ikkje som ein treng å uroa seg for «brain drain» (hjerneflukt) frå Stavanger. Når personar med høg utdanning og kompetanse, flyttar til stader som kan gi betre moglegheiter.

Nyleg kunne Nynorsk pressekontor (NPK) melda at Rogaland set patentrekord. 232 søknadar mottok Patentstyret frå fylket i 2016. Det har aldri komme så mange patentsøknadar frå Rogaland som nå.

Ifølgje NPK uttalte næringsminister Monica Mæland (H) at patentrekorden viser kor stor skapartrongen er i regionen.    

– Nå handlar det om hard jobbing, og om å bruka det nettverket og dei ressursane som er i regionen. Ein må halda på optimismen. Det er ingen «quick fix», avsluttar Haugnes.

LES OGSÅ: Starta bedrift på 48 timar – her er tipsa hans.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.15

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE