Aqua-comeback utseld
– Har vist seg å vere den beste bookinga vi nokon gong har gjort, seier arrangørane av «We Love The 90s».
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Aqua gjer comeback og blir blant anna å sjå som headliner når «We Love The 90s»-konseptet køyrer inn i landet i april. Då blir det konsert i Bergen (29. april), Stavanger (28. april) og på Fornebu Stadion utanfor Oslo (22. april).
Arrangørane melder om rekordsal – og Bergenshallen er rett og slett utseld ti veker før showet.
– Aqua-comebacket har vist seg å vere den beste bookinga vi nokon gong har gjort. Billettsalet er rekordhøgt og vi trur det er sannsynleg å selje ut showa i Stavanger og Fornebu Stadion også, skriv dei håpefulle arrangørane Chris Collings og Thomas Borgvang i ei pressemelding.
Blant andre artistar som bidreg er boybandet East 17, Paradisio og E-Type. Totalt 14 artistar skal skape 90-talsstemning.
I fjor var det ti år sidan Aqua sleppte hitlåta Barbie Girl.