Are Kalvø: Sjå på meg! Eg snakkar med ei ku!

Det kjem til å bli verst for dyra. 

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Are Kalvø: Eg snakkar med ei ku!

Valkamp er alltid vondt for mange. Årets valkamp blir nok aller vondast for dyra våre. Det er berre å begynne å grue seg. Eventuelt rømme.

Årets valkamp ser ut til å bli ein konkurranse om å få til det same i Norge som Donald Trump fekk til i USA. Naturlig nok, sidan ingen i Norge liker Donald Trump.

Dei som har prøvd hardast til no er Frp, som har gjort som Donald Trump og skulda aviser for å finne på ting for å ramme Frp. Og denne taktikken har dei lykkast ganske greitt med, sidan vi som skriv i avisa alltid er til å stole på når det gjeld å takle kritikk heller dårlig. Vi har gått rett på. Dette er farlig, har vi rast. Frp-politikarar må forstå at det er forskjell på falske nyheiter og vinklingar ein ikkje liker, har vi sagt. Og samtidig demonstrert at vi sjølve aldri har forstått, og sannsynligvis aldri kjem til å forstå, at det er forskjell på kritikk av media og livsfarlige angrep på demokratiet.

Og så kom han leiaren i Senterpartiet. Du veit, han som aldri klarer å halde seg alvorlig. Naturlig nok, når ein er leiar i Senterpartiet. Han gjorde som Trump og kalla alle som er einige med han for folk, og alle som er ueinige for hovudstadselite. Noko som skulle bety at berre i underkant av kvar tiande nordmann er folk, og over nitti prosent av alle i Norge bur i Oslo sentrum. Dette er som kjent ikkje heilt korrekt, men matematikk og logikk har ikkje noko med dette å gjere. Dette har med valkamp å gjere. Og det funkar. Det må kunne gå an å vere nasjonalist utan å bli skulda for å vere nasjonalist, fniser han, og susar oppover på meiningsmålingane.

Og det er derfor eg føler med dyra no. Dei kjem til å få nokre tøffe månader. Det er alltid ei forsvarslaus gruppe som blir mishandla i ein valkamp. Ofte er det barn eller gamle folk som sitt der livredde utan utvegar medan politikarane står i kø for å ta på dei, klemme dei og late som om det er heilt naturlig for dei å snakke med dei. I år fryktar eg at det blir dyra. Etter den plutselige suksessen til Senterpartiet, kan årets valkamp komme til å bli ein kamp om å vise at ein forstår og er på parti med distrikta. Og då vil eg tru dei fleste politikarane kjem til å gå for dyr i staden for bønder, sidan dyr i mindre grad tar til motmæle, og jamt over er mykje søtare enn bønder.

Det har begynt allereie. For nokre dagar sidan såg eg Erna Solberg på tv. I ein fjøs. Ho var kledd i grønt og hadde noko dumt på hovudet. Og ho stod der og blei filma medan ho prøvde å få i gang ein samtale med ei ku. Kua var lite interessert. Kua forstod nok at dette berre er starten. Snart kjem andre partileiarar med dumme ting på hovudet for å vise at dei også kjenner seg heime når dei er omgitte av dyr, bønder og kjeledressar. Det er sju månader til valet. Det kjem til å bli sju lange månader for dyra våre. Som må stå der og ta imot, medan politikarane prøver å ta på dei, og bønder og lokale ordførarar står tre meter bak med armane i kors og fnyser.

La dyra få sleppe dette. Om du går tilbake og ser på dette fjøs-klippet, er det umulig å ikkje legge merke til at ingen, absolutt ingen, vil dette. Erna Solberg vil ikkje vere der. Ho har ærlig talt ein ganske viktig jobb å gjere. Kua er ikkje interessert. Dei innfødte vil ikkje ha Erna Solberg der. Alle plagar alle.

Trygve Slagsvold Vedum: Du er ansvarlig for omfattande dyremishandling!

Les meir om politikk HER, og fleire tekstar av Are Kalvø HER.