Britiske universitet tilbyr stipend til flyktningar

Toppuniversitet i London tar imot flyktningar som vil studere.

Åsmund H. Eikenes
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Gir stipend til flyktningar

Sidan den europeiske flyktningekrisa starta i 2015, har millionar av menneske måtte rømme frå heimane sine. FN estimerer at det er totalt 21,3 millionar flyktningar i verda.

Skulepengar og høge kostnader for hyblar avgrensar kven som får tilgang til undervisning på mange av dei europeiske universiteta. 

No har sju flyktningar fått plass i ei ny ordning ved School of Oriental and African Studies, SOAS, i London, melder FNs menneskerettsråd på sine nettsider. Universitetet er rekna for å vere blant dei leiande i Storbritannia.

Saman med 40 andre institusjonar har SOAS sett i verk tiltak for flyktningar og asylsøkjarar, til dømes å stryke studieavgifta eller tilby gratis hyblar og stipend til studentane.

I haust inviterte rektor ved Universitetet i Oslo, Ole Petter Ottersen, til akademisk dugnad for dei norske flyktningane. Målet var å gi flyktningar og asylsøkjarar informasjon om studietilboda i Noreg, og samtidig samle inn lærebøker.