Valen, electrojoik, rockarar og danseband klare for Melodi Grand Prix

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Desse er klare for Melodi Grand Prix

Dei prøver seg alle i Melodi Grand Prix i år. Tysdag røpa NRK startfeltet på ti artistar – som spenner frå gamle ringrevar til nye fjes og alternative kandidatar.

Den norske Melodi Grand Prix-finalen går 11. mars i Oslo Spektrum, med Line Elvsåshagen og Kåre Magnus Bergh som programleiarar. Her er deltakarane:

Jowst
Består av musikkprodusenten Joakim With Steen, som blant anna har jobba med CLMD, og songaren Aleksander Walmann. 

Frå Porsgrunn.


JOWST, frå Twitter

Elin & The Woods
Duo med den velkjente samiske folkpopartisten Elin Kåven i elektronisk samspel med Robin Lynch. Namnet fekk dei då Kåven alltid sa ho måtte "ut og snakke med skogen før eg bestemmer meg". Musikken blir omtalt som electrojoik – elektronisk musikk med tunge rytmar og joik. 

Frå Karasjok/Sandnessjøen


Elin and The Woods, foto NRK

Kristian Valen
Komikaren er klar for Melodi Grand Prix og kan skilte med ei stemme og framføring av sin hit "Still Here" som fekk Michael Jacksons mor til å få tårer i auga då han song den for henne i Los Angeles. 

Frå Stavanger.

Ulrikke
Ulrikke med etternamnet Brandstorp song seg til semifinalen i The Voice i 2015 og har spelt barneteater før ho no har turnert med Queen-showa – noko som gjer at ho vil konkurrere mot sin tidlegare sjef Åge Sten Nilsen.

Frå Sarpsborg 

Rune Rudberg Band
Med Rudberg i spissen, og eit herrelag som tel Ketil Fog, Egil Brattås, Bjørn Teig, Tor Brasetvik og Tore Blestrud, blir det dansebandmusikk i startfeltet også i år. 

Frå Østfold 

Ammunition
Dette er hardrockbandet til Åge Sten Nilsen frå 2005-vinnarbandet Wig Wam. Der har han med seg krefter som Erik Mårtensson, Victor Cito, Jon Pettersen, Magnus Ulfstedt og Lasse Finbråthen. 

Frå Østfold 

Amina Sewali
Hun har vore å sjå på Nationaltheatrets scene som Solveig – men som musikar kallar ho seg eit einkvinnes beatboxing-band. Er i ferd med å ta skodespelarutdanning gjennom Det Multinorske, som er Det Norske Teatrets ikkje-vestlege satsing, men utgav debutalbumet som musikar allereie i 2011. 

Frå Oslo.


Amina Sewali, foto NRK

Ella
Ella har sunge MGP-coverlåtar som del av ein duo, men gjer her ein rockelåt signert Ida Maria.

Frå Oslo 

Jenny Augusta
Nok eit nytt namn på riksplan. Ho song seg til semifinalen i "Norske Talenter" i 2015 med songen "Drit og dra", og har både spelt Springsteen og varma opp for Senjahopen. 

Frå Brønnøysund.

In Fusion
Gruppa består av LIPA-utdanna Nina Grødahl, Saima-Irén Miam, som har vore med i "The Stream", og rockevokalisten Miriam Raanes. 

Frå Sør-Trøndelag.

Les intervjuet med dama som har ei byste av Ivar Aasen i stova: Hanne Kolstø