Tysdag morgon opplevde Svalbard noko så sjeldan som å vere Noregs varmaste stad, melder Meteorologisk institutt.

NPK-NTB
NPK-NTB

Aller mildast var det på målestasjonane Sveagruva og Akseløya, der det vart målt 4,1 grader klokka 7. Svalbard Lufthamn hadde 3,8 grader, mens det var 4 grader på Pyramiden målestasjon, viser ein oversikt frå meteorologane.

Til samanlikning var den varmaste staden i Fastlands-Noreg Ona fyr i Møre og Romsdal med 2,8 grader.

Også måndag var det mildt på Svalbard, skriv VG. Årsaka til at det er kaldt i sør og varmt i nord er kombinasjonen av eit massivt høgtrykk frå Russland som sender til dels kraftig iskald vind frå aust inn i fjellheimen, og eit større lågtrykk sør for Island som pumpar milde luftmassar nordover Norskehavet og inn i Barentshavet.

Temperaturrekorden i Longyearbyen i februar er på 7 plussgrader frå 2012, og det er ikkje umogleg at den blir slått denne veka, seier statsmeteorolog Unni Thomsen til avisa.

2016 var eit rekordår for Svalbard både når det gjaldt høge temperaturar og nedbørsmengde.

LES OGSÅ: Ungdomspartia vil ha sterkare klimasatsing

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.15

Kommentarar

ANNONSE