Den minste veg berre 93 gram, ein annan tek salto, og den siste ser ut som ein okse på bakbeina.

Robotar tek stadig nye framsteg, og kan snart bli definert som personar. Nokre går på skulen for sjuke born, medan andre styrer framtidas elbilar. Andre er forelska, skriv romanar eller lærer seg å tilpasse seg eit liv saman med oss menneske.

Det er likevel ikkje alltid så greit å vite om robotane er vener eller fiendar, og i Westworld er dei kanskje begge delar.

Dei nyaste robotane etterliknar komplekse eigenskapar hos dyr og menneske, og er ikkje mindre enn imponerande og forbløffande ingeniørkunst. Her er tre av dei siste robotane som på ulike måtar flyttar grensene for kva ei tenkande maskin kan gjere:

Parkour – hopp og sprett
Roboten SALTO gjer som namnet tilseier. Den hoppar først ein gong, frå golvet og opp mot veggen, og så tek den sats og utfører ein elegant, baklengs salto frå veggen og ut i rommet.

SALTO kan hoppe over ein meter rett opp i lufta, men det er evna til å utføre fleire hopp på rad som er den mest imponerande eigenskapane til dei 100 gramma med elektronikk. Resultata vart publisert i Science Robotics i desember i fjor.

For å utvikle roboten har forskarane ved UC Berkeley i California mellom anna latt seg inspirere av små, nattaktive primatar, kalla «bush babies». Målet er å lage ein robot som kan hoppe rundt og oppdage område der det tidlegare har vore vanskelege for robotar å komme til.

LES OGSÅ: – Robotane må tilpasse seg oss menneske

 

It’s A Bird… It’s A Plane… It’s A Bat Bot
Droner er på veg til å bli kvardagsleg, men ei robotflaggermus er noko for seg sjølv. No har ingeniørar ved forskingssenteret Caltech i California laga ein robot som liknar ei flaggermus, komplett med eit elastisk materiale spent mellom vingene og kroppen.

Resultatet er både fascinerande og imponerande, ein robot som flaksar, svingar og stuper. Bat Bot-en (også kalla B2) veg 93 gram, går på batteri, har justerbare delar i vinger og hale, og nyttar eit komplisert sett med algoritmar som styrer flyginga.

Forskarane håpar å vidareutvikle vingene slik at dei kan fungere som eit supplement til rotorbaserte dronar i framtida. Resultata vart publisert i Science Robotics forrige veke.

LES OGSÅ: Gullfisk er sjåfør for eigen tank

 

Snurrebass
Videoen av den nyaste roboten til Boston Dynamics skulle du eigentleg ikkje ha fått sjå, men forrige veke vart delar av ein video for investorane lekka til Youtube. Klippet viser ein rullande robot som liknar ein okse som har reist seg på bakbeina.

Denne roboten hoppar høgare enn dei fleste andre, og kan i tillegg svinge og ta piruettar på dansegolvet.

Ifølgje sjefen for selskapet nyttar roboten eit innebygd balansesystem for å ikkje ramle. Han trur også at mange vil kunne få mareritt om den nye roboten deira, skriv The Verge.

Roboten har namnet Handle, og er tenkt til bruk på lagerrom i større varehus. Den har også potensiale som bad-guy i lågbudsjett sci-fi-filmar.

LES OGSÅ: Fire fantastiske forskingsnyhende

Les meir om #tenkologi, gjennombrot som får deg til å tenke. Eitt døme er kyborgen Torjus.

Oppdatert: tysdag 20. juni 2017 18.02

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE