Britisk tidsskrift: – Gi 16-åringar røysterett

Runar Bjørkvik Mæland
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tidsskrift: – Dei er håpet for demokratiet

«Å røysta er ein vane: Dei som ikkje venner seg til det tidleg, byrjar kanskje aldri,» skriv det toneangjevande liberale tidsskriftet The Economist på leiarplass. For å bøta på aukande misnøye med demokratiet i vestlege land, tar dei til orde for å senka røysterettsalderen til 16 år.

Viss ein kan få fleire til å røysta frå tidleg alder, meiner dei, kan ein unngå at demokratiet mistar oppslutnad og legitimitet over tid.

I leiarartikkelen viser tidsskriftet mellom anna til erfaringane frå Skottland, som senka røysterettsalderen i folkerøystinga om sjølvstende i 2014. Då nytta tre av fire 16- og 17-åringar røysteretten sin, mot berre 54 prosent av dei mellom 18 og 24.

LES OGSÅ: Frank Aarebrot vil gje stemmerett til 12-åringar

Artikkelen konkluderer slik:

«Ein lågare røysterettsalder vil styrka røysta til unge og signalisera at meiningane deira tyder noko. Det er trass alt dei som kjem til å bera byrda av klimaendringar og betala gjelda for overføringane til dagens eldre (…) Fang dei tidleg, så vil dei veksa til å bli betre borgarar.»

I Noreg har me hatt forsøk med røysterett frå 16 år ved kommunevala i 2015 og 2011. Hausten 2016 kom rapporten frå forskargruppa som har evaluert forsøka: Les her om kva dei sa!

Les også intervjuet med 16-åringane på Austevoll som fekk røysta i 2015: – Politikk blir mykje meir spennande og viktig når me får stemma