Kalvø: Eg gruar meg til dei neste fire åra

Det kjem til å bli fire tunge år.

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det veit eg. For slikt veit ein når ein, som meg, har pådratt seg litt livserfaring. Og spesielt når ein, som meg, har følgd med, halde seg orientert og skrive i avisa. Det kan gjere deg matt, men slik er det: Etter kvart veit du litt for ofte litt for godt kva som kjem til å skje.

Når ein politisk debatt startar, veit eg korleis han kjem til å halde fram.

Og når ei bok med tittelen «Sjarmen med tarmen» blir ein bestseljar, og bøker som «Hjernen er stjernen» og «Gleden med skjeden» også slår an, då veit eg at norske forlagshus er fulle av folk som saumfer anatomi-nettsider og rimordbøker på jakt etter den neste storseljaren. Og snart kjem dei: Forbanna på panna. Få hasen på nasen. Haka med haka. Valsen med halsen. Håret på låret. Bruken av kuken.

Dette veit eg. Det gir meg ikkje glede å vite det. Tvert imot. For eigentlig er eg jo heilt for at mange kjøper bøker ein kan lære av. Det blir berre så mykje vanskeligare å vere det på grunn av alt ein veit. Og det er irriterande.

Det er det same når eg ser ein ny tv-serie eg liker. Då veit eg at det snart kjem til å dukke opp irriterande folk som også liker denne tv-serien, og som ikkje klarer å halde kjeft om det, og så forsvinn noko av gleda ved serien.

Og kvar gong det bryt ut ein debatt der eg veit at eg meiner det rette, då veit eg også at etter ei stund så kjem eg til å meine det rette med langt mindre glød. Når ein eller annan bagatell utløyser ein debatt om ytringsfridom, for eksempel. Mange gonger har eg opplevd at forsvararar av ytringsfridommen har vore så pompøse at eg seriøst har vurdert om eg skal slutte å vere for ytringsfridom. Men det kan eg jo ikkje. Så i staden held eg fram med å vere for ytringsfridom, samtidig med at eg bruker nesten all energien min på å gjere narr av alle andre som er for ytringsfridom. Nynorskbrukarar kallar dette tvisyn. Andre folk kallar det heilgardering.

Og som sagt, dette gir meg ikkje glede. Det gjer det berre vanskeligare å meine det eg meiner og like det eg liker. Det er derfor folk som har ein del livserfaring ofte ikkje liker noko som helst.

Og derfor gir det meg heller inga glede å vite at det kjem til å bli fire tunge år med Trump. Og eg er alt anna enn stolt av dette, men det eg gruer meg mest til dei neste fire åra er ikkje politikken til Trump. Det eg gruer meg mest til, er å høyre artistar eg eigentlig liker seier ting eg eigentlig er heilt enig i på måtar som får meg til å rødme.

Og eg veit det kjem til å skje. Det skjedde i Bush-åra. Og det har begynt denne gongen også. Madonna har begynt å banne. Artistar som ikkje rekk å få eigne idear, har begynt å synge litt for langsame coverversjonar av gamle songar med «America» i teksten, og bildelegge dei med trakasserte minoritetar i svart-kvitt.

Og det kjem meir. Mykje meir. Eg veit det. Dessverre. Artistar eg alltid har likt kjem til å synge tekstar direkte til Trump. «Du synest du har så rett,» kjem dei til å synge. «Du synest du er moralsk overlegen,» kjem dei til å synge. «Du synest du har rett til å fortelje andre folk korleis dei bør leve liva sine.» Dette kjem dei til å synge, i tekstar der dei synest dei har så rett, der dei kjenner seg moralsk overlegne, og der dei fortel Trump-tilhengarar korleis dei bør leve liva sine.

Og eg kjem til å slite. For kvar song kjem det til å bli litt vanskeligare å like artistar eg liker og meine det eg meiner. Sjølv om eg veit at artistane har dei beste intensjonar. Og eg er for gode intensjonar. Det er nesten alltid betre enn dårlige intensjonar. Men likevel. For kvar song kjem eg til å få litt meir lyst til å halde med Trump.

Men denne gongen skal eg verkelig prøve. Ikkje gå for tvisynet. Prøve å stå for det eg står for. Sjå stort på det. Alle gode krefter, skal eg tenke. Alle stemmer saman. Kvar på sin måte. Slik skal eg prøve å tenke kvar gong ein artist er litt for uoriginal og litt for lite morsom mot Trump.

Men for å sitere ein komikar berre vi som har litt livserfaring kjenner til:

Men lett blir det ikkje.


Først publisert i Aftenposten 28. januar.

Fekk du med deg denne?

Les fleire Are Kalvø-tekstar her!