Gullfisk er sjåfør for eigen tank

Åsmund H. Eikenes
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Studentar ved Carnegie Mellon University i Pittsburg har laga eit sjølvstyrande akvarium, melder Diply.

På toppen av akvariet står eit kamera som filmar gullfisken, og ei datamaskin reknar ut avstanden mellom fisken og midpunktet i tanken. Plasseringa til fisken vert sendt til motoren på undersida, og robotakvariet rullar avgarde.

Når fisken flyttar seg, endrar roboten retning og fart tilsvarande.

Student Alex Kent har posta videoen YouTube med følgjande Pixar-inspirerte tittel: Just keep Swimming.