Maryam utsett for rasisme på jobb

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 

Saka var først publisert i Bladet Sunnhordland.

– Tusen takk for Facebook-innlegget. Du skreiv akkurat det som eg tenkjer.

Sprang ut
23 år gamle Maryam A. Mohammed frå Somalia kastar seg rundt halsen på Nina Lovise Langeland, i kjølvatnet av onsdagens rasismeepisode på Kiwi i Sæ på Stord, der Mohammed jobbar i kassen på andre året.

Tidlegare på dagen var Langeland på butikken for å handla lunsj. Då ho hadde betalt, og stod og tok varene sine i posar, høyrde ho følgjande kommentar frå ein mannleg kunde, truleg i 50-åra.

– Eg har ombestemt meg. Eg handlar ikkje med slike hijab-folk.

Så slengde han ei flaske brus på rullebandet, og lot handlevogna si stå. Så storma han ut dørene.

Hijab er eit hovudplagg som blir brukt av muslimske kvinner, ikkje berre for å dekkja til håret sitt, men også som eit politisk og kulturelt symbol.

Sirkla rundt
Langeland høyrde kommentaren, og storma ut dørene på Kiwi for å konfrontera mannen.

– Eg var rimeleg lett i steget ut dørene. Men då eg kom ut på parkeringsplassen var han alt borte.

Men Langeland, til vanleg dagleg leiar i Frivilligsentralen på Stord, gav seg ikkje så lett.

– Eg sirkla litt rundt på parkeringsplassen, for eg ville ikkje at han skulle sleppa unna det han hadde sagt. Men forgjeves. Han var som sunke i jorda. Eg kjende at eg var så sint at eg skalv, fortel Langeland.


Nina Lovise Langeland (t.v) ville helst ikkje ha noko oppstyr rundt sin eigen person etter onsdagens episode, der Maryam A. Mohammed vart utsett for rasehets på arbeidsplassen sin. –  Eg er ikkje noko helt. Alle ville ha reagert om dei hadde kome opp i same situasjon, meiner ho. 

Foto: MARIUS KNUTSEN

Frekt
Kollega av Mohammed, Julie Larsen, høyrde den same kommentaren som Langeland. Ho ropte også etter kunden.

– Eg trudde ikkje det eg høyrde, og ropte etter han.

– Kva ropte du?

– Eg ropte «det er det frekkaste eg har høyrt», eller noko i den duren. Og så såg eg at ei dame sprang ut dørene etter han, fortel Larsen.

Facebook
Då Langeland kom tilbake på jobb etter episoden sette ho seg ned ved pc-en, og posta eit innlegg på Facebook – eit innlegg som onsdag ettermiddag var i ferd med å ta heilt fyr, med både delingar og kommentarar. Sjå heile innlegget heilt nede i artikkelen.

«Til deg som handla på ein av Kiwi-butikkane på Stord i dag: Skam deg!», innleiar Langeland Facebook-posten.

Og skriv vidare:

«Du veit det gjerne ikkje, men eg har faktisk ikkje tenkt over hovudplagget til den flinke jenta som jobbar på Kiwi, det einaste eg tenkjer når eg handlar hjå ho er at ho alltid er smilande, alltid høflig og at ho gjer ein strålande jobb».

– Ingen helt
Litt motvillig blir Langeland med på å møta igjen Mohammed på Kiwi, onsdag ettermiddag.

– Altså, eg vil ikkje bli løfta opp som noko helt på grunn av dette. Alle ville ha reagert, for slik kan me ikkje ha det. Eg blei heilt sett ut, fortel Stord-kvinna.

Men då ho blir møtt av den somaliske 23-åringen, og verdast varmaste klem, seinkar også Langeland skuldrene.

– Det er heilt fantastisk at ho la ut innlegget sitt på Facebook, seier 23-åringen, og vedgår at ho ikkje høyrde kommentaren frå kunden.

– Og kollegaene mine ville ikkje fortelja det til meg heller, for å skåna meg. Men uansett, om eg hadde høyrt det, så ville eg ikkje gjort noko, ettersom eg var på jobb, og må vera profesjonell. Men dersom det hadde vore på fritida ville eg ha blitt sint, vedgår ho.

Ho understrekar likevel at ho aldri har fått negative kommentarar for hijaben sin. Snarare tvert imot.

– Det er veldig mange som skryt, og seier at han er fin. Han er jo grøn, og står i stil med resten av antrekket eg brukar på jobb. Det er Kiwi-kjeda sjølv som har levert han til meg, seier ho stolt.


Maryam A. Mohammed sin kollega, Julie Larsen, kan stadfesta Nina Lovise Langeland sin historie. 
Foto: MARIUS KNUTSEN

Til eg døyr
Mohammed flytta til Noreg då ho berre var 7-8 år gammal. Hijab har ho brukt sidan ho gjekk i fjerde klasse.

– Då såg eg ei jente i Oslo, berre to år gammal, med hijab. Ho var så søt, og eg spurte mor mi om ikkje eg òg kunne få ein. Eg elskar hijaben min, og kjem til å bæra han til eg døyr, seier Maryam A. Mohammed.

På tape
Julie Larsen stadfestar at ho ikkje ville seia noko til kollegaen sin om det stygge opptrinnet.

– Eg gjekk til sjefen min og fortalte det. Me veit ikkje kven mannen er, men me har han på tape, og han kan rekna med å bli konfrontert med episoden om han kjem tilbake hit, seier Larsen.

Sunnhordland har ikkje fått på det reine identiteten til mannen, og har såleis ikkje hatt høve til å kontakta han for kommentar.

Til deg, som handla på ein av kiwi butikkane på Stord i dag: Skam deg! Eg skammar meg over deg òg. Ikkje for at eg føler…

Posted by Nina Lovise Langeland on 25. januar 2017