«Han holdt altfor liten avstand til bilen bak»

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ufrivillig humor i skademeldingar

–Det skjer ikkje så reint sjeldan at me får inn meldingar som neppe ville fått ståkarakter på norsktentamen, seier kommunikasjonsrådgiver Sigmund Clementz i forsikringsselskapet If.

I ei pressemelding offentleggjer dei nokre av dei morosamaste sitata frå skademeldingar skrivne av uheldige bilførarar.

Her er eit lite utval:

«For å unngå kollisjon kjørte jeg på den andre bilen»

«Jeg forlot min Ford Coupé utenfor, og når jeg kom tilbake fant jeg til min store overraskelse en Ford Cabriolet.»

«Jeg mener at ingen av partene hadde skyld i uhellet, men hvis det ikke er tilfelle, er det motparten.»

«Fyren var overalt. Jeg måtte bråsvinge flere ganger før jeg traff ham.»

«Hans skyld. Han holdt altfor liten avstand til bilen bak.»

«Min passasjer er for øvrig medlem av Norges Fotballforbunds lovkomité …»

Faktaboks

Slik fyller du ut ei skademelding

Er begge partar einige om korleis det skjedde er det enklast med ei felles skademelding

Ta gjerne bilete, men fokuser på situasjonen og omgivnadane framfor skadane

Bruk god tid og les instruksjonane nøye

Ikkje skriv under på noko du er ueinig i

Om motparten ikkje vil signere noterer du namn, adresse, registreringsnummer og ei erkjenning av at uhellet har funne stad

Om motparten ikkje samarbeider skriv du eiga skademelding og sender inn til ditt forsikringsselskap

Skademeldingane skal ikkje fordela skuld, men gje forsikringsselskapet grunnlag for å gjere det

Kjelde: NAF, If