Are Kalvø: Det var ei mørk og stormfull natt

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sjølvsagt var det ikkje det. Er du tullerusk? Det er veldig slitsamt å inkludere alle heile tida. Men av og til kan det vere fint. For eksempel no, ei tid på året då mange går på tur, med ski, i fjellheimen. Då kan det vere greitt å hugse på at det ikkje er alle som kan gå på tur. Og det er ikkje alle som gidd å gå på tur. Og det er ganske kaldt mange plassar i landet i januar. Og utrivelig.

Derfor lanserer eg no eit alternativ til turgåing ute i kulde:

Det finst kanskje ein kafé der du bur. Om det ikkje gjer det, finst det nok ein kafé i ei bygd eller ei by ikkje langt frå der du bur. Legg turen til denne kafeen i staden! Gå sakte gjennom kafeen. Akkurat såpass sakte at du får med deg bitar av samtalane ved borda, men ikkje så sakte at du rekk å få med deg alt. Og så – sidan du ikkje får trimma kroppen så mykje på denne måten, så kan du i alle fall trimme hovudet – prøver du ut frå det du høyrer å gjette kven eller kva slags folk det er som sitt ved dette bordet. Det kan vere ganske artig. Og mykje varmare og triveligare enn fjell.

Her er nokre eksempel på ting du kan høyre om du legg turen til ein kafe, og i parentes står forslag til kven eller kva slags folk det kan vere som sitt ved akkurat dette bordet:

«… om eg skal ha påfyll på kaffien? Det er veldig lett å sitte inne i Oslo innanfor ring tre og spørje om påfyll på kaffien, men folk flest bur faktisk ikkje innanfor ring tre i Oslo.»
(Senterpartileiar Trygve Slagsvold Vedum har tatt seg ein tur på kafé for å kose seg.)

«… det var ei mørk og stormfull natt. Den skarpe lyden av sirener flerra..:»
(Eit par av Norges mest seriøse krimjournalistar diskuterer Eirik Jensen-rettssaka.)

«… må forstå at DAB er ein gedigen konspirasjon og…»
(Ein femti år gammal mann slit litt med å innrømme at han faktisk ikkje er heilt sikker på kva DAB-radio er, eller kvar ei får kjøpt slikt.)

«… og denne prosessen er ein prosess som følgjer den prosessen ein prosess følgjer som prosess. Sånn. Skal vi gå ut og ta bilde av meg der eg sitt på ein stubbe i skogen og ser nesten naturlig ut med skjerf?»
(Jonas Gahr Støre gir nok eit intervju om at han er som skapt for jobben som statsminister.)

«… så sjølvsagt kan ikkje alle norske journalistar og redaktørar bruker all si tid på Eirik Jensen-rettssaka, nokre av oss må også bruke tid på å bli interjua om kvifor det er viktig at så godt som alle norske journalistar og redaktørar bruker all si tid på Eirik Jensen-rettssaka. Men no har eg ikkje tid til….»
(Eit par av Norges mest seriøse redaktørar, eller menn som det også heiter, diskuterer Eirik Jensen-rettssaka.)

 «… om De, som mig, forholdt Dem til de juridiske betenkningene…»
(Miljøminister Vidar Helgesen prøver å overtyde ein partifelle om at han ikkje er ein Oslo-elite-politikar utan kontakt med det verkelige livet.)

 «… faen, helvete, faen, helvete, …»
(Dei tre einaste journalistane i Norge som ikkje dekker Eirik Jensen-rettssaka diskuterer framtidsutsiktene sine.)

 «… faen, faen…»
(Utflytta nordlendingar diskuterer REMA 1000.)

«… hadde jo så mykje avspasering til gode at …»
(Dette er etter all sannsynligvheit eit bord med tre-fire førtifem år gamle menn med gifteringar. Dei drikk øl og dei skal snart heim. Når menn i førtiåra svarer unnvikande på spørsmål frå koner og kjærastar om kva vi eigentlig gjorde på den gutteturen, så er ikkje det fordi gjorde noko unemnelig, eller ikkje huskar. Det er fordi vi helst vil sleppe å innrømme at vi har sete på pub i tre dagar og snakka om avspasering.)

«… veldig lett å sitte inne i Oslo og snakke om avspasering innanfor ring 2, men de gløymer at folk flest bur ikkje innanfor ring 3 i Oslo.»
(Trygve Slagsvold Vedum har slite seg frå bordet sitt og begynt å blande seg inn i andres samtalar.)

«Nei. Nei. Nei. Nei. Nei.»
(Venninner vurderer utvalet på Tinder.)

 «Nei. Nei. Nei. Nei. Nei.»
(Trygve Slagsvold Vedum blandar seg inn.)

«… som er så fint er at det er ingen som kjenner meg igjen og hugsar den gamle saka lenger, for eg har kjemma håret mitt framover, så eg ser heilt annleis ut.»
(Ein ivrig Terje Søviknes betrur seg til ein god venn.)


Først publisert i Aftenposten 14. januar.

Fekk du med deg denne? Ulven gjer livet mykje betre for oss alle