Her har du fire god grunnar til å ete mindre kjøt, skriv Ola Eian, talsperson i Grønn Ungdom.

Ola Eian, talsperson i Grønn Ungdom
Ola Eian, talsperson i Grønn Ungdom

Nyleg skreiv Nasjonen om ei undersøking der så mange som ein av fire vil redusere forbruket av raudt kjøt. Stadig fleire får med seg at det er mange gode grunnar til å gje korn, grønnsaker, frukt, bær, nøtter og belgfrukt meir plass på tallerkenen.

Her er fire gode grunnar:

1. Det er bra for deg.
Helsemyndigheitene råder oss til å ete mindre kjøt for å minske risiko for kreft-, hjarte- og karsjukdommar. Plantebaserte produkt inneheld som hovudregel òg meir fiber, mindre salt, feitt og kaloriar enn kjøt. Alt dette er i tråd med statens kosthaldsråd.

2. Det er bra for klima.
Husdyrhald er den største kjelda til klimagassutslepp i norsk landbruk. Kjøt gjer 15 gongar meir utslepp enn plantebasert mat. Du et kvar dag, og har dermed ein gylden moglegheit til å bidra i dugnaden mot klimakrisa ved kvart måltid!

3 Det er bra for naturen.
Kjøtproduksjon er grunnleggjande meir ineffektivt enn å dyrke planter som me kan ete direkte. Dyrkar du 10 kg erter på ein åkerlapp har du 10 kilo menneskemat. Om du i staden gjer alt til eit husdyr vil same åkerlapp resultere i berre 1 kg kjøt. Bruker me matjorda til å dyrke menneskemat direkte krev det langt mindre plass. Og det er nettopp press på areal og leveområder som er hovudårsakene til masseutrydjinga av jordas biologiske mangfald.

4 Det er bra for dyra.
Høg etterspørsel etter billig kjøt pressar bonden til å produsere meir og raskare. I ein effektiv og intens kjøtproduksjon er det fleire dyr på ein plass, meir fokus på fòring og vekst. Det gjer mindre plass for å sjå kvart enkeltindivid, mindre tid til å la dyra vere ute og auka medisinbruk. Rake motsetninga av alt som gjer Noregs landbruk til et av dei beste i verda.

Stadig fleir kjem ut av kjøtskodda og får auga opp for baksida av koteletten. Vi er inne i ei tid med aukande medvit for helse, klima, natur og dyrevelferd. No må politikarane bli med på trenden, og slutte å pushe kjøt på folket. Våre politikarar har nemleg drive fram vårt høge kjøtforbruk saman med næringas eigen reklame.

Kjøtforbruket har auka
Sidan 50-tallet har kjøtforbruket meir enn dobla seg. I dag et nordmenn gjennomsnittleg meir enn 70 kilo kjøt i året. Med dårleg landbrukspolitikk har politikarane uka både produksjonen og forbruket av kjøt.

For det fyrste har dei auka konsesjonsgrensene, slik at gardane vert større, tettleiken på dyra høgare og talet på husdyr aukar.

For det andre har dei gjort import av kraftfôr billigare, slik at ein kan ha fleire dyr enn det garden kan produsere for til. Utanlandsk kraftfôr har vorte så billig at det ikkje lenger er lønsamt å nytte åkrane i utkanten av bygdene eller beiteressursar i utmarka.

For det tredje har dei ordna avgifter som finansierer kjøtpropagandaen frå MatPrat.no, også kjent som Opplysningskontoret for egg og kjøt.

Folkehelsa, klimakrisa, masseutrydjinga av biologisk mangfald, omsyn til dyra og trendane i folket signaliserer at tida er overmogen for endring.

LES OGSÅ: Fleire vil ha kjøtfri måndag

Politikarane må gjere jobben sin
No må politikarane gjere det som er jobben deira: Å gjere det enkelt for folk å ta gode val for seg sjølv og alle andre.

Det må bli lettare å ete meir plantebasert mat, og kjøtpresset må dempast. Kunnskap og overtyding tar oss eit stykke, men ikkje heile vegen. Kva vi vel å kjøpe og ete styrast i stor grad av pris, tilgjengelegheit og marknadsføring. Difor må me be politikarane hjelp oss å ete mindre kjøt.  

Her er tre ynskjer å ta med i bordbøna:

1. Staten sluttar å motarbeide egne kosthaldsråd ved å fjerne finansieringa av Opplysningskontoret for egg og kjøt.

2. Auk prisane på kjøt så dei samsvarar med kostnaden for folkehelse, klimaendringar og ressursforbruk. Høgare kjøtpris til bonden vil óg gje mindre press mot intensiv produksjon.

3. Drei tilskota i landbruket så det vert lønsamt å produsere menneskemat på matjorda og nytte norsk gras og utmark framfor importert kraftfôr.

Les kva ungdomspartia vil pressa moderpartia på

Les meir debatt

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.14

Kommentarar

ANNONSE