Fleire drap på personar med albinisme i Malawi

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

19-åring drepen for å vera albino

Både FN og Amnesty har tidlegare slått alarm om at personar med albinisme vert jakta på og drepne for kroppsdelane sine. Handlingane er knytte til overtru, og har skapt ein marknad for kriminelle «albino-jegarar».

Ifølgje ein rapport frå Amnesty International vart minst 18 menneske med albinisme drepne i Malawi frå slutten av 2014 til midten av 2016.

Etter press fra det internasjonale samfunnet endra Malawi i september 2015 lovverket sitt for å gje desse menneska betre vern. I juni 2016 hadde endringane ført til at fire personar vart straffeforfølgde av i alt 69 saker.

Fordi nære familiemedlemmer ofte er involvert, blir berre eit fåtall saker melde.

Madalitso Pensulo
Tysdag 10. januar vart 19 år gamle Madalitso Pensulo brutalt drepen i landsbyen Mlonda i Malawi, melder Amnesty.

19-åringen skal ha blitt invitert heim til ein kamerat, som er utpeikt som mannen som drap han. Eit vitne varsla politiet, men livet til 19-åringen stod ikkje til å redda. Gjerningsmannen er framleis på frifot.
 
– Drapet på Pensulo understrekar behovet for at malawiske myndigheiter syter for at lovene blir følgt. Dei må setja i gang ein koordinert strategi for å ta seg av rettane til menneskjer med albinisme, og setja ein stoppar for bortføringane og avrettingane, seier Deprose Muchena, Amnestys direktør for arbeidet i det sørlege Afrika, ifølgje Amnesty sine norske nettsider.

Han krev at politiet og myndigheitene aukar innsatsen for å pågripa gjerningsmannen og stilla han for retten.

– Dei må senda eit signal om at angrep på menneskjer med albinisme er uakseptabelt, seier Muchena.

Les intervju med norske Andrea (23), som har albinisme.