I helga fekk Villdyr-forfattar Håkon Marcus debutantprisen Trollkrittet frå Norske barne- og ungdomsbokforfattere.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

– I jakta på å vera like flink som Tolkien, rota eg meg diverre alltid bort i verdsbygginga. Brukte litt for mykje av tida på å laga ordbøker til alvespråk, fiktive historiske leksikon og spekulative fagbøker om korleis magi verkar, i staden for å skriva sjølve historia.

Forfattar Håkon Marcus (34) forklarar at han aller helst skulle ha skrive ei av fantasybøkene han prøvde å skriva som liten.

– Mummitrollet-bøkene hadde òg vore ganske kule å putte i CV-en.

Vill debut

Trass i at han er ein relativt fersk forfattar kan han allereie no skrive på CV-en at ikkje mindre fire norske forlag var interessert i å gje ut Villdyr-serien om den 13 år gamle hamløparen Embla Villseid.

I Tyskland, Sverige, Frankrike og Italia har forlag sikra seg både to- og fireboksavtalar, basert på den første boka gitt ut på Aschehoug forlag, meldte VG i desember.

Laurdag 16. mars fekk 34-åringen frå Tønsberg Trollkrittet, Norske barne- og ungdomsbokforfattere sin debutantpris.

Me har teke ein kikk i bokhylla til den ettertrakta debutanten.

 

Håkon Solheim Marcus

  • Alder: 34
  • Frå: Tønsberg
  • Utdanning: AD-bachelor frå Westerdals og skrivekunst-master frå Norsk barnebokinstitutt
  • Yrke: Forfattar
  • Kor mykje les du sjølv? 30–35 bøker i året? Men statistikken har gått opp betrakteleg sidan eg vart forfattar, sidan eg nå har blitt kjent med masse folk eg føler eg bør lese bøkene til.

Fantasyhjarte

Forfattaren synest det er lettare å svara på kva han helst styrer unna, enn kva han helst les. Moderne krim med psykopatar eller narkogjengar som parterer folk i kjellarar får liggja i fred, det same gjeld idrettsbiografiar og erotika.

– Elles er eg glad i alt. Eventyr og fantasy har sjølvsagt ekstra stor plass i hjartet mitt, og då les eg òg titlar som er meint for born, utan at det må vera for research. Eg er glad i scifi òg, men der har eg halde meg til klassikarane enn så lenge.

– Kor mykje les du sjølv?

– 30–35 bøker i året? Men statistikken har gått opp betrakteleg sidan eg blei forfattar, sidan eg no har blitt kjent med masse folk eg føler eg bør lese bøkene til.

Reiselektyre

For Håkon Marcus er lydboka fast følgjesvein i bil og på kollektivtransport, og dessutan rundt omkring i leilegheita når det skal ryddast, vaskast, lagast mat eller prokrastinerast. Papirboka får mest fart når han er på reise.

– Kva bok ligg på nattbordet ditt?

– Akkurat no er det «I gudenes rike» av Jon Gangdal, som eg har blitt kjent med gjennom Aschehoug, og «Hollowpox», som er den tredje boka i Nevermoor-serien. Men eg er redd at farta på lesinga mi er mykje høgare i lydbokappen, då. Der spelar «Jim Knopf und die Wilde 13» av Michael Ende, fordi eg prøver å bli betre i tysk, og «Fablehaven» av Brandon Mull fordi eg fekk ho tilrådd på fylla for ikkje så lenge sidan.

Frå Hardy-gutane til Peer Gynt

Som liten var det mor som stod for høgtlesinga.

– Men eg var nok ein litt utolmodig lyttar som liten, og begynte å lesa sjølv veldig tidleg, har eg høyrt. Om me hoppar over peikebøkene, var eg fort i gang med alt eg kom over av Roald Dahl, Jules Verne, Hardy-gutane og alle slags teikneseriar. Det gjekk òg mykje i faktabøker, særleg om dyr. Og særleg om dinosaurar.

– Kva bok gjorde inntrykk i tenåra?

– Eg las jo alt mogleg rart då òg, men særpreget for den perioden var vel alle «Ingen forstår meg fordi eg er så hol, men samstundes kompleks»-bøkene eg forelska meg i. Prata nok veldig pretensiøst om «Bildet av Dorian Gray» og manuset til «Peer Gynt» på den tida. Eg er ikkje heilt frisk av det endå.

Ikkje peikefinger, men moral

– Kva meiner du gjer ei bok god?

– Tvistar! Hehe! Altså ikkje berre tilfeldige overraskingar ein har slengt inn, men når ei bok klarar å lokka meg inn i eit tankemønster som skjuler alle dei openberre teikna på at noko ikkje er som det skal – det er gøy. På same måte blir det keisamt om kvar einaste scene går som ein forventar.

– Eg synest òg at moral gir heilskap til ei historie. Og då meiner eg ikkje moral som i peikefinger-oppdraging, men at historier set eit menneskeleg dilemma under debatt og utforskar konsekvensane av karakteren sitt val.

Britisk humor, krim og filosofi

– Kva bok og/eller forfattar meiner du er undervurdert?

– Oi, undervurdert, kva betyr det? Det er jo latterleg å seia Harry Potter, men etter at JKR mista bakkekontakten, synest eg folk har alt for lett for å hevda at HP-bøkene er fulle av plotthol, har dårleg språk, er tynne på verdsbygging eller er djupt problematiske. Det er berre tull. Det er godt skrive britisk humor, med sabla velskrudde krimplott, overraskande djup utforsking av filosofiske spørsmål, og tidenes mest morosame univers å vera i. Det er nokre problematiske element her og der, men ikkje fleire enn du vil finna om du legg tilsvarande bøker under lupa på same måten. Ofte verkar det som om folk vurderer Harry Potter som om Rowling visste på førehand at det skulle bli tidenes største boksuksess.

– Kva bokkarakter kjenner du deg mest igjen i?

– Det magiske med bøker er jo at ein kan sjå ut av augo på kven som helst. Medan eg les, kjenner eg meg igjen i eigenskapar som eg overhovudet ikkje har. Når det er sagt resonnerer jo alle godhjarta, men litt surrete pappaar i barnebøker litt ekstra i meg. Når eg får barn kjem eg garantert til å bli ein slik, svarar forfattaren, og legg til:

– Men når eg blir gamal har eg lyst til å vera Humlesnurr.

Fagprat med Agatha

– Kva forfattar – daud eller levande – ville du invitert på middag?

– Astrid Lindgren trur eg. Men eg hadde nok vore rimeleg nervøs, og måtte hatt to-tre prøvemiddagar for å finna ein meny som var bra nok. Nei huff, eg hadde ikkje våga å spørja om nokon ting. Sei Agatha Christie, då. Det hadde blitt mykje fagprat.

– Om du berre skulle lese bøker frå ein forfattar heile livet ditt – kva forfattar?

– Eg er ikkje begeistra for dette scenarioet, altså. Heile poenget med litteratur er jo å oppleva ei breidde av idear! Men om eg må gje eit svar, blir det «GNU Terry Pratchett». Det er nokså mange bøker å ta av, og så langt har det vore høg standard på alle eg har lese. Ein oppdagar òg mykje nytt om ein les dei om igjen.

Villdyr blir filmatisert – kven speler hovudrolla?

– Eg kjenner ikkje til mange skodespelarar i 13-årsalderen, og trur vel at eit kjent fjes ville blitt feil uansett. Så eg seier ein ukjend barneskodespelar, regissert av Guillermo del Toro eller Chris Columbus.