«Det er endring vi vil ha når vi snakkar om overgrep. Vi vil plassere skulda der ho høyrer heime,» skriv Martine Rørstad Sand.

Martine Rørstad Sand
Martine Rørstad Sand

Erlend Skjetne slår i eit innlegg på Framtida.no 6. januar eit slag for valdtektsmenn og pedofile, og meiner vi bør halde kjeft om overgrep av omsyn til overgriparane. Slike haldningar trudde eg ærleg talt vi var ferdige med i 2017.

Fleire overgrepssaker har fått stor mediemerksemd i året som gjekk, som Hemsedal-saka, Tysfjord-saka, Kopseng-saka, Dark room-saka, Utsatt mann-sakene og ikkje minst tematiseringa av emnet i andre sesong av «Skam». Og det er bra.

Når så mange som ein av ti kvinner og ein av hundre menn i Noreg er blitt valdtekne, seier det seg sjølv at dette er eit emne som angår svært mange menneske, og mange kjem med valdsame verbale utsegn når dei les om overgrepssaker.

LES OGSÅ: – Unge må få informasjon om kva som er valdtekt

Vil ha endring
Reaksjonane til folk i kommentarfelt på internett verkar å vere hovudargumentet til Skjetne når han meiner at vi ikkje bør snakke om valdtekt. Om ein skal bruke folk sine reaksjonar på Facebook som grunngjeving for å ikkje snakke om emne som er brennbare, er vel innvandring, ulv og klimaendringar høgt oppe på lista over ting vi bør teie om. Å ikkje setje problem under debatt har sjeldan ført til endring.

For det er endring vi vil ha når vi snakkar om overgrep. Vi vil at færre skal oppleve å bli utsette for overgrep, vi vil plassere skulda der ho høyrer heime, og vi vil at dei som har gjort noko gale skal bli straffa for det. Berre ein part har skuld i overgrep, og det er den som utfører handlinga.

Skjetne verkar å meine at overgrep er noko som skjer tilfeldig og utan planlegging, og at det derfor ikkje er noko poeng i å snakke om det. Det er feil. Nokon brukar overraskingsmomentet for å overmanne offera sine, andre dopar ned sine offer eller vel seg offer som er ute av stand til å motsette seg handlinga, medan atter andre går etter personar dei har makt over og som dei trur vil teie.

LES OGSÅ: – Sjølv om ein er valdteken, så er ein ikkje svak

Tabu og skam
Dei som vel seg barn som offer veit at vaksne helst vil unngå samtalar om kropp og seksualitet med ungar, fordi dei synest det er kleint å snakke om, fordi dei ikkje vil skremme barnet eller fordi dei ikkje vil førestille seg at overgrep kan skje med deira ungar. Då får overgriparen definisjonsmakta, og kan seie til barnet at det som hender er normalt eller at fæle ting vil skje dersom barnet fortel nokon kva som har hend.

Ved å snakke med barn om kropp, grenser, seksualitet og overgrep, til dømes ved å lese barnebøker som tar opp slike emne, gir vi dei språk til å fortelje dersom dei har opplevd ting dei aldri burde ha opplevd.

Den einaste som tener på at overgrep er tabu er overgriparen, som kan halde fram med overgrepa fordi skamkulturen beskyttar hen.

 LES OGSÅ: «Skam» vert hylla for openheit om overgrep

Dyster statistikk
Dessverre føler offer for seksuelle overgrep ofte skuld og skam for det dei har blitt utsette for, noko som hindrar dei i å fortelje. Dei har ikkje tillit til systema som skal beskytte dei. Dei vil ikkje bli stempla som offer, og dei er redde for å ikkje bli trudde.

For medan avisene tek tak og skriv om valdtekt, er ikkje stoda like bra hos politiet og domstolane. Å lese statistikk om valdtekter i Noreg er ikkje særleg lystig lesnad, for å seie det forsiktig.

Talet på kor mange som seier dei har blitt valdtekne har haldt seg stabilt i mange tiår. Menn som blir valdtekne opplever å bli mistrudde, usynleggjorde eller latterleggjorde. Valdtekt blir sett på som utelukkande eit kvinneproblem, sjølv om alle kjønn er både offer og overgripar.

LES OGSÅ: Endeleg kjenner Andrea seg trygg i Oslo

Høg bevisbyrde
Likevel er det slik at dei fleste overgriparane er menn og dei fleste offera er kvinner. Halvparten av kvinnene som blir valdtekne, blei valdtekne før dei fylte atten år. Ein tredel av kvinnene som har blitt valdtekne seier at dei aldri har fortalt det til nokon.

Ti prosent av valdtektene blir melde til politiet, som legg vekk 80 prosent av sakene dei får inn. Kjem saka for retten, blir to tredelar av dei tiltalte frikjende. Berre ein prosent av valdtektene som skjer i Noreg endar med at gjerningspersonen blir dømt i retten.

Bevisbyrda i straffesaker er høg, og det verkar å vere liten grunn til å bekymre seg for at uskuldige blir dømde for valdtekt, uansett kva grums folk hiv ut av seg i kommentarfelta. Tvert om er det svært lågt sannsyn for å bli dømt for valdtekt i Noreg.

Dersom eit valdtektsoffer er så heldig å få saka si opp i retten, må dei møte haldningar hos dommarane som at «tiltalte hadde berettiget håp om at det kunne bli sex mellom dem» dersom dei har hatt sex med overgriparen tidlegare.

LES OGSÅ: – Må snakke valdtekta i hel

Må diskuterast
I ei anna sak innrømte tiltalte at han hadde høyrt offeret seie nei, sett ho gjere motstand og attpåtil tilstått overgrepet i skriftleg form. Likevel var det ikkje nok til å få han dømt for ugjerninga. Å halde fast, kle av og penetrere ei jente mot hennar vilje, er tydelegvis ikkje ulovleg i Noreg. Det er greitt, helsing verdas tredje mest likestilte land.

Dersom ein ser eller høyrer det ein oppfattar som dårlege haldningar, bør ein seie ifrå til vedkomande at det du sa no er ikkje greitt. Vi må møte dårlege haldningar og feil informasjon med saklege argument og fakta.

Vi skal ikkje hengje ut overgriparar på internett, tvangskastrere dei, ta livet av dei eller piske dei. Løysinga er ikkje å teie i frykt for reaksjonar, men å diskutere vanskelege sakar på ein konstruktiv måte.

Oppdatert: måndag 5. juni 2017 16.02

Kommentarar

ANNONSE