Alle kvinners ynskjedraum!

Debatt
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Viss du har møtt på meg så er du nokså heldig! Eg er eit unntak frå vanlege ungdommar. Ikkje for å skryte eller noko, men det er vanskeleg å finne ein som meg! Ein person som er lenger unna det norske skjønnheitsidealet enn meg, er nok så vanskeleg å finne.

Sånne som meg blir kalla mykje rart: sjokoladebarn, mulatt, blandingsbarn, ynskjebarn og meir til.  Eg har aldri skjønt heilt greia med det. Då mor mi var gravid med meg syntest alle at ho var så heldig. Ho skulle nemlig få sjokoladebarn! Høge, slanke barn med gylden hud, perfekt ansiktsoppbygging og verdas søtaste hår! No skal du få høyre korleis  eg enda opp heilt motsett av kva folk flest forventa, og korleis eg ikkje passar inn i eit skjønnheitsideal, i det heile tatt!

Les også innlegget til Astrid Underlid: «Det er på tide å skape ein elsk-kroppen-din-revolusjon»

Puppar og rumpa min beste venn
Ein av tinga som er særmerkt for skjønnheitsidealet er høge og slanke jenter. Spesielt norske jenter skal vera høge. Det er jo sånt som ligg i dei norske genane. Dei genane ligg til og med i min familie, på begge sider! Alle jentene er over 1,75 meter høge. Elegante, slanke kvinner med lange, tynne bein, akkurat som i eit perfekt skjønnheitsbilete. Nokre gongar lurer eg på kva som gjekk galt! For trur du eg er høg og slank? Nei, tvert imot! Eg er liten og feit, med større lår enn syklistane i Tour de France! 

Når ein er liten og feit sånn som meg, så er det ekstra viktig å få fram sine feminine trekk. Og for min del er då puppar og rumpa min beste venn! Det er kanskje det einaste med meg som passer til noko som kan likne eit skjønnheitsbilete. Eg har faktisk både store puppar, og nokså stor rumpe. Noko som eigentleg ikkje skulle vera noko problem, men sånn er det ikkje for meg.

Puppane er så store at eg umuleg kan finne ein brystholdar som ikkje kostar like mye som husleiga til dei som bor på hybel… Og viss eg har lyst til å pynte meg litt med ei skjorte, kva trur du skjer da? Da sprekker skjorta opp og brysta hoppar ut, og nokon gongar kvar sin veg! Og ikkje berre det, ei stor rumpe hjelper jo ikkje så mykje når låra er like store!

Les også innlegget til Inger-Johanne Kaardal: «Ta deg ein kikk i spegelen. Tenk over kva du seier!»

Søt og søt
Eit anna norsk skjønnheitsfenomen er langt og tjukt blondt hår. Eg skal innrømme at sjølv eg skulle ynskje eg hadde langt, blondt hår iblant. Det er noko med det blonde, lange håret som er meir feminint enn mørkbrunt, kort, krøllete hår som kan likne på ein afro, men eg klarer ikkje heilt å setje fingeren på det. Ein anna ting er det at folk alltid skal ta på håret mitt, liksom klappe meg på hovudet… Nesten på same måte som ein hund, og etter 16 år byrjar det å bli litt irriterande.

Ein annan grunn til at eg skulle ynskje at eg hadde langt blondt hår, er at det skjuler delar av fjeset, noko som eg verkeleg hadde trengt. Det er ikkje fordi eg har så innmari stygt fjes, det er bare det at eg heile livet har gått rundt og vifta med øyra som Dumbo, og det er ikkje alltid like kult. Eg har ikkje spesielt store øyre heller, men dei trenger heller ikkje å stå på utstilling kvar dag. For eg har briller, òg, og når dei står skeivt er det spesielt enkelt å sjå.

Eit av dei største problema eg har med ansiktet mitt må nok vera auga. Det med auga og skjønnheitsbilete er ikkje heilt konkret. Men eg er ganske sikker på at det er ein fordel at det ser ut som du klarer å halde auga oppe ein gong iblant. Du skjønar at når eg smiler, så lukkar auga mine seg igjen, og eg ser ut som ein komplett idiot. Dette følgjer ofte med nokre spørsmål, som om eg til dømes er frå Asia… Det er noko eg kan love deg at eg ikkje er, og når eg svarar det så ler dei og seier, «Du er no søt då!». Søt og søt, det vil eg ikkje akkurat seie.

Les også innlegget til Hilde Boberg Andresen: «Difor er Gullbarbie sjukt viktig!»

Eigentleg ganske fornøgd
Folk seier at både rumpa og brysta kjem i frå den afrikanske sida av familien… Og at det er den einaste grunnen til at eg er stor både her og der. Det kan nok vera noko sant i det, men sist eg sjekka var det kanskje dei som var tynnast i familien! Men det er vel ikkje sånn at alle skal vera like heldige, og passe perfekt inn i et skjønnheitsbilete?

Det er jo ikkje eg som blir skuffa fordi at eg ikkje passar inn i eit perfekt skjønnheitsbilete, det er folka rundt meg. Sjølv om eg nokon gongar skulle ynskja at eg var høg og slank med blondt, langt hår og passa perfekt inn i eit skjønnheitsbilete, så er eg eigentleg ganske fornøgd. Det er eigentleg ganske enkelt å gløyme ei blond, tynn og sjenert jente som likner på alle andre. Eg som er ei låg og feit mulattjente med briller og afro, som aldri held kjeft, er derimot nesten umuleg å gløyme.

Men viss eg skal vera helt ærleg, så er eg fornøgd så lenge eg får sjå på Netflix med ei flaske med Pepsi Max og ei sjokoladeplate.

Les også innlegget til Rikke Næss: «Lat oss drite i sommarkroppen!»