Her kan du sjå Trump tre veker i strekk

Runar Bjørkvik Mæland
Publisert
Oppdatert 14.06.2017 16:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sjå Trump-opptak tre veker i strekk

Får du beint fram aldri nok av ville lovnader, sexisme, rasisme, anti-intellektualisme, klimafornekting og demagogi? Då er Trump Archive alt du har drøymt om og endå meir til.

Arkivet, som opna denne veka, samlar materiale frå amerikanske TV-kanalar frå 2009 til i dag, og inneheld talar, debattar, intervju og andre innslag med den brautande politikaren som i november blei valt som den neste presidenten i USA. Arkivet er transkribert (teksta) og søkbart.

Ifølgje bloggen til Internet Archive er ein del av målet med arkivet å gjera det lettare å samanlikna kva Trump har sagt ved ulike høve, slik at ålmenta kan følgja synspunkta hans over tid. Over 500 videoar i arkivet er faktasjekka av ulike kjelder, og faktasjekkane er samla i ei eiga datafil.

Her er klippet der Trump seier at Mexico sender dop og valdtektsmenn nord over grensa:

Den hårfagre rikmannen og TV-kjendisen Donald J. Trump tar over som president i USA 20. januar.

Les også intervjuet med filosof Jason Brennan: – Veljarane anar ikkje kva dei snakkar om