– Ta ein halvtimes kaffiprat med oss unge

Runar Bjørkvik Mæland
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Unge sine råd til næringslivet

Årskonferansen til Næringslivets hovudorganisasjon (NHO) hadde i år temaet «Made in Norway – på jobb for en grønn fremtid». Under konferansen var fire unge leiarar invitert for å gi sine råd til næringslivstoppane som var samla i Oslo Spektrum.

– Dagens utfordringar kjem ikkje til å bli løyst med den same tankegangen som skapte dei. Men dei kjem heller ikkje til å bli løyste utan å ta i bruk erfaringa som sit i dette rommet, sa Maiuran Loganathan, gründer og leiar i Young Sustainable Impact (YSI).

– Det er først når me kombinerer erfaringa dykkar med vår unge naivitet at me skapar ekte magi.

Han avslutta med eit heilt konkret tips til næringslivstoppane:

– Ta ein halvtimes kaffiprat med oss unge. Den vesle tidsinvesteringa de gjer, kan fort bli starten på Noregs neste industrieventyr.

Elin Nørve, ein av grunnleggjarane av Future Leaders, minna også om at dagens unge har eit anna verdisyn og perspektiv enn dei eldre generasjonane. Hennar råd var:

– Skaff deg ein ung mentor, eller enno betre, for dei aller modigaste: Inviter ein ung game-changer inn i ditt styre.

– Eg vil at næringslivet skal vere ein større drivkraft for utdanning og forsking, sa leiar i Norsk Studentorganisasjon Marianne Andenæs.

Ho peika i sitt innlegg på at det grøne skiftet er avhengig av utdanning og forsking, og at næringslivet må vera ein pådrivar og ikkje ein tilskodar.

– Vårt råd som studentar til dykk, er: Ikkje vent. Ver ein aktiv del av norsk høgre utdanning og forsking. Få studentar og professorar inn i praksis hjå dykk, og inviter dykk sjølve inn til utdanningsinstitusjonane, sa Andenæs.

– For første gong i mitt liv, er eg redd for retninga verda tar, sa Andreas Brandt, leiar i Europeisk Ungdom.

Han understreka behovet for felles løysingar på globale utfordringar, og åtvara mot splittande krefter.

– Mitt råd til dykk: Stå opp for internasjonalt samarbeid; peik på behovet for overnasjonale rammeverk; ta til motmæle mot dei som søkjer isolasjon; stå opp for felles ansvar.

I forkant av konferansen gjekk NHO-direktør Kristin Skogen Lund ut og kravde ei grundig sanering av studietilboda ved universiteta og høgskulane i Noreg. – Legg ned fleire hundre masterprogram, var hennar bodskap.