– Viser at det enno er kjærleik i verda
Changemaker-leiar Tuva Krogh Widskjold om året som har gått – og håp for framtida.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Verda er sjukt urettferdig, sa Tuva Krogh Widskjold til Framtida.no i vår, etter at ho var blitt valt til leiar i Changemaker. Ungdomsorganisasjonar jobbar med å endra dei grunnleggjande årsakene til fattigdom og urettferd, og visa at det er enklare enn ein har trudd å endra verda.
I haust fekk Changemaker NTNU med på å vurdera korleis universitetet kan vera med på å gjera det lettare å skaffa medisinar til fattige.
Det som har gledd Tuva Krogh Widskjold mest er alle menneska som har stilt opp for flyktningar og urettferd.
– Det viser at det enno er kjærleik i verda, seier ho.
– På det personlege plan fekk eg våren 2016 draumejobben og føler meg som det heldigaste mennesket i verda. Eg har fått jobba med fantastiske mange kunnskapsrike og bra menneske, og bruka tida mi på noko av det eg synst er aller viktigast – gjera verda meir rettferdig og ikkje minst visa at endring er mogleg.
– Kva har skuffa deg mest i 2016?
– Dette har vore eit absurd år. Med tanke på skuffande situasjonar kan eg ikkje koma utanom morgonen då eg innsåg at Trump vart president. Eg trudde først det var ein spøk og synst enno det er skremmande.
Men ho må ikkje ut av landet for å finna ein skuffande situasjon i 2016.
– Eg er enormt skuffa over diskursen og retorikken basert på frykt som får prega samfunnsdebatten her heime. At regjeringa, som har ansvar for å ta vare på oss og byggja ei trygg framtid, sender barn tilbake til Afghanistan.
– Kva er det største ønsket ditt for 2017?
– Eg trur det aller største ønsket mitt er at krigshandlingane i Syria tek slutt. Òg håpar eg at vi, etter valet i 2017, har ei regjering som tør å ta tak i strukturane som skapar fattigdom og urettferd. Vi treng leiarar som tør å krevja at store internasjonale selskap skal betala skatt, som set ein stoppar for våpeneksporten til diktatur og som byggjer tillit heller enn å skapa splid mellom kulturar.
– Og så ynskjer eg meg ein løgndetektor som kan avsløra statsrådar med falske argument.
– Kva bok vil du anbefala andre å lesa no?
– Den vesle prinsen. Det viktigaste er nemleg usynleg for auget, smiler Tuva Krogh Widskjold.