Ungdom droppar lineær-TV til fordel for strøyming
Utviklinga akselererte med «Skam».


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Droppar lineær-TV
Norske tv-sjåarar mellom 12 og 19 år såg i gjennomsnitt 114 minutt på TV dagleg i 2008, men i fjor var tida halvert til 57 minutt, skriv Dagens Næringsliv basert på nye tal frå TNS Gallup. Gjennomsnittsnordmannen såg til samanlikning 167 minutt på TV i 2016.
For NRKs del har ungdomsserien «Skam» vore viktig i haust, då tredje sesong trekte nærmare 800.000 sjåarar på nett. Sjåarvanane til dei unge kan påverke eldre målgrupper og forandre marknaden, ifølgje analysesjef Kristian Tolonen i NRK
– Det er veldig få som trur vi vil sjå noka reversering av utviklinga. Det store spørsmålet er eigentleg kor fort det vil gå, seier han til avisa.
I tillegg til nett-TV er strøymetenester som Netflix, TV 2 Sumo og HBO Nordic populære blant unge. Ifølgje TNS Gallup betalar 74 prosent av dei mellom 20 og 29 år for Netflix.
Les også: – «Skam» er moderne folkeopplysning