Vinylsalet i Storbritannia dobla seg i fjor.

NPK-NTB
NPK-NTB

Britane kjøpte 3,2 millionar vinylplater i fjor, noko som er ein  auke på 53 prosent frå 2015, melder bransjeorganisasjonen BPI via NME.

«Blackstar» var den mest populære blant vinylkjøparane og selde meir enn dobbelt så mange eksemplar som 2015-bestseljaren «25» frå Adele.

På vinyllista er det ytterlegare to nye plater, mikstapen frå filmen «Guardians of the Galaxy» og Radioheads «A Moon Shaped Pool», mens dei andre er gamle klassikarar.

Den britiske platebransjen begynte i april 2015 med topplister ein gong i veka for vinylutgjevingar, sjølv om vinyl berre står for 2,6 prosent av det totale musikksalet.

CD-ar og nedlasting opplevde sterkt sviktande sal: CD-salet gjekk ned med 11,7 prosent og nedlasting med 29,6 prosent.

(©NPK)

LES OGSÅ: Me kjøper meir musikk

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.14

Kommentarar

ANNONSE