Huckfest-film set Ål på sykkelkartet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Les heile saka i Hallingdølen.

Det er på mange måtar ei dramatisk historie. Magnus Tveito var ein av landets beste skikøyrarar då ein splint i auget sette eit brått punktum for karrieren. 

Men det var før unge Tveito skulle få auga opp for sykkel i staden.

«Det starta vel eigentleg som ein heime åleine-fest», seier Nils Håkon Tveito og fyller heile lerretet. 

Far til Magnus Tveito veit ein del om omstilling i landbruket, for garden Slåtta i Votndalen har frå 2009 til i dag blitt ein festival-gard, der både downhill-syklistar og konsertar har fylt fôrlageret. I filmen har han fått ei sentral rolle, som ein lokal Reodor Felgen.

LES OGSÅ: Festivalar skaper store ringverknadar 

Ei reise i dugnadsinnsats
Meir sentral enn dei fire som drog eventyret i gang er han likevel ikkje. Det er deira historie som tek publikum med på reisa. Ei reise i dugnadsinnsats. 

– Det var vore ein artig gjeng å følgje. Dei har lagt ned mykje arbeid, seier regissør Hallgrim Haug.

Biletmaterialet er i hovudsak frå 2016-arrangementet. Filmen er så godt som ferdig, med unntak av litt finpuss på lyden. John Storhaug (Filmprodusentane) har vore produsent. Jørgen Storhaug har stått for foto, mens Katie Hetland har klipt. Arild Jensen har musikken.

Hillbilly Huckfest: Dokumentar -Teaser- from Hillbilly Huckfest on Vimeo.

Ein leiande MTB-festival
Hillbilly Huckfest er blitt like mykje ein sosial musikkfestival som ein sportsarena, og Ål har i løpet av seks-sju år blitt vertskap for ein av landets leiande MTB-festivalar (Mountain Bike, red. merk), også med internasjonal appell.

– Kva betyr filmen for framtida?

– I første omgang er det vising på TV2 i januar, men det er me som sit på filmrettane. Me kjem til å leggje på teksting, så får me sjå kor det langt me kan nå, seier regissøren.

Trass i å ha sett seg sjølv på stort lerret for første gong er ikkje gardeigaren redd for å få stjernestatus:

– Eg synest eg kom greitt ut av det. Dei fleste på festivalen veit alt kven eg er, seier festivalbonde Nils Håkon Tveito. Kor mange grisar han vil heilsteike under neste års festival er uvisst. 

Det som er sikkert er at Hillbilly Huckfest 2017 går av stabelen 27.–30. juli. Årets artistar er ikkje klare, men det er dugnadsgjengen bak.

Les heile saka i Hallingdølen! 

Faktaboks

Dokumentarfilmen «Huckfest» kjem på Tv2 i 29. januar 2017.

Ein Filmprodusentane-produksjon i samarbeid med Adventure Man.

Regi: Hallgrim Haug.

Klipp: Katie Hetland.

Foto: Jørgen Storhaug. 

Produsent: John Storhaug.

Musikk: Pumpin Irony – Blues Saraceno.