– 2016 har vore eit skikkeleg kjipt år

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Andrea Sjøvoll blei rett før sommaren valt som ny leiar av Sosialistisk Ungdom. I eit intervju med Framtida.no då sa ho kamp mot urettferdigheit var ein av viktig grunn til at ho engasjerte seg i politikken.

Men det er mykje som har skuffa Sjøvoll i året som har gått:

– Gong på gong har eg blitt skuffa, eller rettare sagt forbanna, over korleis Sylvi Listhaug behandlar menneske som kjem til Noreg for å søkja asyl, korleis regjeringa kuttar i støytte til dei som har minst i samfunnet vårt og gjeve til dei som har mest og at klimagassutsleppa har auka. At Donald Trump vart vald til USAs neste president gjorde ikkje akkurat året betre.

– Kva har gledd deg mest i 2016?

– For meg vil 2016 stå igjen som året der dei som styrar sviktar, men folket reiste seg og sa ifrå. Fleire tusen gjekk i tog for human og rettferdig asylpolitikk, folk gav millionar av kroner til Norsk Organisasjon for Asylsøkere, tusenvis stod opp for rettstryggleiken til kvinner i lys av Hemsedal-saka og for abortretten over heile verda.

– Kva er det største ønsket ditt for 2017?

– Det største ønsket mitt for 2017 er at vi får ein human asyl- og flyktningpolitikk. Denne regjeringa har lukka auga sine og stengt grensene, men menneske med desperat behov for hjelp og trygd vert ikkje borte av den grunnen. Vi er nøydde til å visa solidaritet og ha ein politikk for menneska bak tala.

– Kva bok vil du anbefala andre å lesa i romjula?

– Favorittboka mi er Kvinnen som kledde seg naken for sin elskede, alle som ikkje har lese ho burde gjera det. Planen min er å lesa Velferdsprofitørene av Linn Herning, det håpar eg fleire har ein plan om.