Netflix med ny versjon av «Grevinna og hovmeisteren»

VIDEO: Netflix har gjort ei nyinnspeling av slitesterke «Grevinna og hovmeisteren».

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Netflix med ny hovmeister

Versjonen til strøymetenesta er proppa så full av referansar til seriar som «House of Cards» og «Narcos» at den mest minner om ein reklamefilm, men er likevel tru mot originalen, skriv nyheitsbyrået TT.

Så spørst det om det fell i smak hos det norske publikum. Å sjå hovmeisteren James skjenke seg snydens full, er blitt ein norsk juletradisjon. Rundt 1,4 millionar nordmenn lada i år opp til jula med å sjå «Kvelden før kvelden» der sketsjen blir vist, melder NRK.

Sketsjen med hovmeisteren og Miss Sophie har vore vist på NRK kvar veslejulaftan sidan 1980. TV-sketsjen blei først produsert som det sveitsiske bidraget til Montreuxfestivalen i 1963. Den blir vist også i blant anna Finland, Tyskland, Estland, Færøyane, Austerrike, Sør-Afrika og Australia, men då på nyttårsaftan.

I Sverige har sketsjen vore vist på SVT på nyttårsaftan sidan 1976. Sveriges Television skal visstnok først ha vegra seg for å vise sketsjen fordi dei meinte at drikkinga til hovmeisteren var umoralsk.

Sjå Netflix sin versjon her: