Håpar å koma på vippen i 2017-valet
Nasjonal talsperson for Grøn Ungdom Anna Serafima S. Kvam om året som har gått og håp for 2017.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Kva har gledd deg mest i 2016?
– Det mest gledelege som har skjedd i år er at Parisavtalen har vorte ratifisert, seier Anna Serafima S. Kvam.
Både Kina, USA, EU og fleire av dei andre store forureinarane har slutta seg til klimaavtalen.
– Kva har skuffa deg mest i 2016?
– Det som har skuffa meg mest i år er at Trump si rasering av amerikansk klimapolitikk ser ut til å verta akkurat så reell som frykta.
LES OGSÅ: Kina med sjeldan klima-kritikk av Trump
– Kva er det største ønskjet ditt for 2017?
– Det største ønsket mitt for 2017 er at vi får stortingsrepresentantar på vippen etter valet, som er villige til å prioritera klimakamp.
– Kva bok vil du anbefala andre å lesa i romjula?
– I jula skal eg lesa krim, og for dei av oss som er veldig glad i det vil eg rå til "Kaninjegeren" av Lars Kepler.