Ingen drepne i juletrafikken dei siste to åra
Om du tilpassar farten etter tilhøva, ikkje stressar og sikrar både passasjerar og last, bidreg du til det som kan bli tredje jula på rad utan drepne på norske vegar.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Ingen drepne i juletrafikken på to år
Saka var først publisert i Porten.
– Eg ønskjer meg ei jul utan drepne i trafikken, seier vegdirektør Terje Moe Gustavsen i ei pressemelding.
Han forsikrar at Vegvesenet er «på» og godt førebudde for den komande jule- og nyttårstida.
Etter fleire år med mange alvorlege juleulukker, viser Vegvesenet sine tal at ingen har omkome i juletrafikken dei to siste åra.
– Folk er stort sett flinke og tek det med ro. Men vi er likevel litt urolege. Stor trafikk, saman med krevjande veg- og vertilhøbe i desember, betyr auka risiko. Me har alle eit felles ansvar for å redusera risikoen for at noko skal skje. Vi skal ha alle trygt fram i jula, seier Gustavsen. K – k
Juleulukkene
Kvart år skjer det opp mot 100 ulukker med personskader i juletrafikken. Høg fart og forbikøyringar som skapar farlege situasjonar, er gjengangarar.
– Mange køyrer på vegar dei ikkje er vande til å køyra. Ved å tilpassa farten etter tilhøva og fartsgrensa gir du eit viktig bidrag til at me alle skal ferdast trygt i juletrafikken, seier vegdirektøren.
Statens vegvesen har følgjande juleønskjer:
* Sjekk ver- og føremeldingar. Planlegg turen!
* Køyr etter tilhøva og hald fartsgrensa. Hald køen!
* Bruk bilbelte
* Sørg for at bilen er i god teknisk stand. Pakk riktig!
* Stopp og sov om du blir trøytt
I juletrafikken i 2015 er det registrert 83 alvorlege ulykker, men heldigvis utan nokre omkomne. Heller ikkje i jula 2014 var det nokon som mista livet på norske vegar. I gjennomsnitt har tre personar mista livet i trafikken kvar jul dei fem siste åra.
– Dette er meir enn berre tal og statistikk. Bak kvar eineste ulukke er det ein tragedie som rammar familie, kollegaer, vener og lokalsamfunn. Kampen mot trafikkdøden er ein av samfunnets viktigaste kampar, seier vegdirektør Terje Moe Gustavsen.