«Frykta for å ikkje vera velkommen»

Rikke Næss
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er snart jul. Og dei som kjenner meg godt veit at jul er det koselegaste eg veit om. Desember generelt er jo koseleg. Førjulstida, julaftan og romjula. Fyrst og fremst likar eg denne tida fordi alle blir liksom so oppmerksam på kvarandre. Det handlar om å vere saman, glede kvarandre og det å ta i mot kvarandre. Familien er sjølvsagt dei mest sentrale personane i denne koselege tida. Og med familie kjem det tradisjonar. Tradisjonar som har vore sidan eg var ei lita jente. Tradisjonar som betyr mykje, som gler meg langt inn i hjarterota og som eg ikkje ville vore forutan. Og høgtider fører med seg tradisjonar som inneber hendingar knytt til religion.

Eg har skrive om det før, og eg gjer det ein gong til. Eg er fødd inn i den norske, kristne kyrkja. I barndommen gjekk eg på søndagsskule, og har i mange år vore vandt med å reise i julegudsteneste. For der kjem ein verkeleg i julestemning. Der får ein filosofera om denne spesielle høgtida som er so viktig for mange. Men dei siste åra har eg lurt meg unna julegudstenesta. Kanskje bevisst, kanskje ubevisst.

Debattar som omhandlar homofile og kyrkjebesøk har rysta meg, fått meg til å tenka, gjort meg litt skremd og litt redd. Frykta for å ikkje vera velkommen i til dømes julegudsteneste har vore stor. Frykta for fordomsfulle blikk frå kyrkjebenkane er der, sjølv om eg inst inne veit at dette ikkje skal vera noko problem. For etter mi meining skal alle vera velkommen, uansett kjønn og seksualitet. Eg skulle ynskje den norske kyrkja var flinkare på å få fram bodskapen om dette, men her har dei altså ein veg å gå.

Eg respekterer dei kristne si tru, men då må dei respektera mitt syn. Bodskapen eg prøver å få fram er at me må ta i mot kvarandre, og la fordommane vera. Kyrkja skal vere ein plass ein skal føle seg velkommen i. Me har alle våre syn, tru og tradisjonar som er viktige for oss, uansett kva legning ein har – og det må ein respektera. 

God jul!