Forfattaren les alt og heile tida, men tenkte i tenåra at han i grunnen ikkje trengte å lese fleire bøker etter ei stor leseoppleving.

Ingvild Eide Leirfall, Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

Tor Rivlin (26) fortel at han les heile tida: morgon og kveld – og trulaust.

– Eg les flerie bøker parallelt, flaksar inn og ut, les plutseleg etterordet i Principles of Ship Description: Revised Edition, ståande på biblioteket. Sjå for deg at alle bøker er éin, forklarar Tor Rivlin i ein e-post til framtida.no.

James Bond og Eva

Nyleg gav han ut boka Stor oppstandelse. Eit langt dikt om elleveåringen James Bond, som ikkje passar heilt inn i skulesystemet og barneskodespelaren Eva, som han blir forelska i før ho flyttar med tanta si til Frankrike.

Sjølv har 26-åringen vakse opp i Oslo og jobbar som servitør i tillegg til å vere forfattar.

Me har teke ein kikk i bokhylla hans.

– Kva bok ligg på nattbordet ditt?

Det malte værelset av Inger Christensen.

 

Tor Rivlin

Alder: 26

Frå: Oslo

Utdanning: Av betydning: Skrivekunstakademiet

Yrke: Forfatter! Dvs. servitør

Utgjevingar: Stor oppstandelse (2024)

Språkleg rørsle og spontane elvedanningar

Han les helst i ein skinnstol i heimen, men kva han les kan vere alt: essays, romanar, dikt, skodespel og menyar.

– Alt menneskeleg, fortel han.

For at ei bok skal vere god, treng ho språkleg rørsle, meiner han.

– Språk som akkurat held tritt med seg sjølv, og som likevel framstår uanstrengt, nesten overlegent.

Det er vanskeleg å seie kva det er med dei verkeleg gode setningane, synest han,

– Eg ser for meg ei elv som banar sin veg gjennom landskapet, like framfor ein ventande vannmasse, og som ved eit reint lykketreff buktar seg på de rette stadane. Hjelper det? Spontane elvedanningar altså! Final answer.

Sjølv skulle han ønske han hadde skrive Penger på lomma av Asta Olivia Nordenhof og den neste boka til Oliver Lovrenski.

Foto: Nationaal Archief

– Får anna litteratur til å virke fullstendig konstruert

Arbeidsbøkene til Ingmar Bergman er også kjelde til mykje refleksjonar. I hylla har han Arbetsboken 1955-1974.

– Det er iblant så tankenært og reint (og skittent!) i sine skildringar av det gode og det vonde og det daglege, at det får mykje annan litteratur til å virke fullstendig konstruert.

Han meiner det er det daglegdagse, logikken til humøret, tankemønstra og kommentarane rundt eiga åtferd som er mest gjenkjennbart.

– Fortvilinga rundt vêret under innspelinga av utescenar til Hviskninger og rop er ikkje så gjenkjennbart, men til gjengjeld veldig lesbart!

Rivlin blar vilkårleg i boka og siterer:

«Under tiden dundrar, ryter och rasar världen vidare. Det får den så himla gärna göra för mig. Så här: Frihet. Balans. Ömhet. Glädje. Vänskap. Beröring. Närhet. Lättja. Ordning. Det blir mer och mer höst. Det är nästan plågsamt vackert. Jeg tyckar så mycket om att leva.»

– Og her, ein til: «Gud i himlen vad jeg har blivit lat».

– No treng eg strengt tatt ikkje å lese fleire bøker

– Kva bok vart lesen til deg som liten?

– Eg hugsar ei helsides-teikning av Gulliver i Lilliputt i Gullivers reiser. Eg trur det var far min som las ho for meg. Han pleide å seie ifrå når det kom bilete i bøkene.

I tenåra var det Den fremmede av Albert Camus som gjorde inntrykk:

– Eg tenkte: No treng eg strengt tatt ikkje å lese fleire bøker.

Etterlyser fleire liv

Om han berre skulle lesa bøker frå ein forfattar heile livet, fell valet på Inger Christensen. Kanskje.

Boka Den fremmede av Albert Cammus kom ut i Paris i 1942.

– Der er det mykje trøyst. Og tekstar ein aldri blir ferdig med. Etterlyser sånn sett fleire liv etter dette hypotetiske livet, med same, strenge restriksjon.

På spørsmål om kva forfattar han hadde invitert på middag, daud eller levande, er svaret derimot heilt klårt:

– Den største verten: Gertrude Stein!

Ledd av og makulert i Hollywood

– Dikta dine vert filmatisert – kven speler hovudrolla?

– No har eg jo skrive eit langdikt om James Bond, som eg har på følelsen av at ville blitt ledd av, så kanskje makulert, i Hollywood. Eg seier Liv Ullmann, for å gjere noko (eg veit ikkje kva) komplett.