«Fugletribunalet» på radio i England

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er Samlaget som kan fortelja om siste nytt i suksesshistoria til den populære romanen.

Her heime blei «Fugletribunalet» gjennombrotet for forfattaren Agnes Ravatn då boka kom ut i 2013. I haust fekk romanen ei sjeldan ære, då han blei sleppt laus på den engelske marknaden.

Då var romanen den første omsette romanen som var med i «Fresh Talent»-satsinga til bokhandlarkjeda WHSmith.

– Det er ikkje så reint lite surrealistisk for meg å sjå biletet av meg og boka mi i store stablar overalt, uttalte forfattaren til NTB etter eit London-besøk.

Sidan har ho hausta fine kritikkar i Storbritannia. Mellom anna kvitterer avisa The Irish Times med at boka er ein kjølig psykologisk thriller, skriven i ein stram stil som fangar det vakre og bleike landskapet langt nord perfekt.

Arbeidet med filmatiseringa er allereie i gang og forfattaren fekk endå ei god nyheit før vi bikkar nytt år. Torsdag kom nyheita om at «The Bird Tribunal» skal bli opplesingsserie på BBC radio i januar – under segmentet «Book at Bedtime».

Samlaget fortel at bokrettane er selde til sju land: Litauen, Russland, Storbritannia, Danmark, Serbia, Tyskland og Tyrkia.

Opplaget her heime tel no 30.000 bøker og «Fugletribunalet» er også dramatisert på Det Norske Teatret i Oslo.

Les intervju med ho som har omsett «Fugletribunalet» til engelsk!