Elise Løvereide
Publisert
Oppdatert 13.05.2018 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den dagen eg fekk meg Facebook, sat eg i skulefri i klasserommet til 1STD. Det var ein aprildag i 2007. Der og då verka ikkje Facebook til å vere det heilt store, det som eg skulle omtrent bli avhengig av ni år seinare. Eg hadde jo allereie profil på MySpace og MSN. Men eg laga no ein brukar, lasta opp bilde og adda dei andre i klassen. Gøy.

Først var vi omtrent berre jenter, hugsar eg. Oi, der er ho som bur i nabolaget mitt. Add. Kjærasten min på den tida meinte at Facebook var så poppis at han i alle fall ikkje skulle ha det. Han klarte å unngå det i eitt år.

Les innlegget: «Det er ikkje på Facebook det er krig»

Popularietsmålar
Etter kvart blei Facebook noko som skulle vise kor populær du var. Jo høgare tal innlegg du fekk på veggen din, jo meir populær verka du. Innlegga var alt frå formelle helsingar og diskusjon av skuleprosjekt til intern vennehumor. Stort sett skulle det vere så internt som mogleg, så ingen andre kunne forstå det. Eg trur det meste berre var ein skjult agenda for å auke talet postar på veggen sin.

Som endå eit teikn på popularitet, skulle ein også bli tagga i flest mogleg bilde. No, når dei ikkje dukkar like hyppig opp i nyhendestraumen til folk lenger, er det ikkje så farleg. No er det nemleg viktigare kva du trykker liker på. Det er meininga dine alle ser.

«Eg liker det, eg,» sa klassekameratane mine på masterstudiet ved Universitetet i Bergen i 2014. Det dei snakka om, var alle tullevideoane og memane som no dominerte Facebook-straumen. Meir underhaldande å sjå morosame vitsar og «trykk liker viss du er einig» enn bilde av random folk sine ungar, kanskje?

LES OGSÅ: Du kan maks ha 150 «ekte» vener på Facebook

Profilbilde-jaget
Til dags dato har eg 24 profilbilde. Dei har blitt skifta ut jamnt og ofte sidan 2007. «Kor lenge skal du ha dette bildet liggande, då?», spurde fetteren min ein gong. Etter kvart skifta folk profilbildet sjeldnare. Ein oppdaga kanskje at det resulterte i fleire likes. Då uttrykte ein liksom at «eg er ikkje show-off, altså.»

Media gav også råd om korleis få flest mogleg likes på bilda sine. Eit av tipsa var at ein skulle legge det ut på kveldinga, helst ein søndag, og med minst to månadar mellomrom. 30 minutt etter at bildet vert publisert, skulle du la ein venn tagge deg i det, slik at endå fleire fekk det opp i feeden.

«Vi som vil ha gamle Facebook tilbake»
Facebook har (heldigvis) ofte skifta layout og funksjonar. Omtrent kvar gong det har skjedd, har det resultert i eit brølekor av Facebookgruppar som «Vi som boikotter den nye Facebook.» Lurer på korleis dei hadde reagert dersom Facebook i dag plutseleg gjekk attende til versjon 1.0, der du konsekvent blei referert til i tredjeperson og du ikkje kunne imponere folk med dine fine coverfoto? Eg har mine mistankar.

Noko av det viktigaste som etter kvart hende i Facebook-historia, var at den eldre garden blei medlemmar. Den aldersgruppa som i dag dominerer samfunnsdebatten der inne, og som stort sett ikkje forstår at det dei seier er offentleg.

Eg hugsar framleis då pappa prøvde å sende meg private meldingar på veggen min, og den gongen han skreiv ei avhandling som på eit julekort, for å takke for bursdag-gratulasjonane.

Meir enn ein hobby
I dag er Facebook mykje meir enn den hobbyen den var for mange i 2007. Facebook har profesjonelle nettverk, samarbeidsgrupper til skule og jobb, og ei nyhendeformidling som er sterkare enn avisene sine eigne sider.

Det har definitivt blitt lettare for oss folkeskye nordmenn å kommunisere. Facebook har blitt ein del av samfunnet vårt, der dei sosiale normene støtt og stadig endrar seg.

Til tross for at aktivitetar på fjesboka kan få mange negative konsekvensar, som online mobbing, radikalisering og hatytringar, har Facebook også mykje fint å kome med. Vennskap kan bli danna, samarbeid starta, forståing og debatt utvikla. Både over bygrenser og landegrenser. Eg er glad for den aprildagen i 2007, eg.

LES OGSÅ: Facebook er den nye valplakaten