«Skam» slår Donald Trump i Danmark

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

«Skam» slår Trump i Danmark

I oktober vart det klart at danske DR3 kjøpte rettane til å visa NRK-suksessen «Skam», som i desember går som julekalender på kanalen.

Serien, som er hylla av danske lærarar og nyleg fekk Nordens språkpris, har skapt «Skam»-feber hjå våre naboar i sør. Dette viser igjen på Google sine statistikkar over søk.

Kva betyr «jovial», «bae», «Brexit» og «Volvo»? Her er svara på det nordmenn spør Google om!

«Skam» vs Pokémon Go 
Ifølgje den danske avisa Politiken er «Skam» det femte mest søkte ordet på Google i 2016. Fenomenet slår med det både David Bowie, Donald Trump, OL og Tour de France.

På toppen av lista både i Danmark og resten av verda tronar Pokémon Go, som vart eit verdsomspennande fenomen i sommar.

– Det er ikkje noko som har teke befolkninga med storm på nettet dei siste åra, som Pokémon Go gjorde. Alle søkte på Google for å forstå fenomenet og få ein brukarmanual, seier digitalanalytikar Benjamin Elberth til avisa.

I Noreg er ikkje «Skam» inne på topp ti-lista over Google-søk i 2016. Me søkte aller mest på YouTube, Facebook, VG, Google og Finn. 

, føkke og dorull – sjå Politiken si liste over norske «Skam»-ord danskane ikkje forstår!

Danske DR3 sin «Skam»-parodi har gått sin sigersgang i sosiale medium:

Faktaboks

Dei mest søkte orda i Danmark 2016:

1. Pokémon Go

2. EM

3. Iphone 7

4. Slither.io

5. Skam

6. David Bowie

7. Donald Trump

8. OL

9. Tour de France

10. Prince