Solvik-Olsen opnar for førarlause bilar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– I dag er reglane slik at ein førar stadig skal kontrollere køyretøyet. Men med det regelverket som vi lagar no, vil du no kunne teste førarlause køyretøy innanfor rammene i lova, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) til E24.

Departementet sender i desse dagar ut eit lovforslag på høyring som opnar for utprøving av sjølvkøyrande køyretøy i trafikken. Håpet er at den nye lova blir vedtatt våren 2017.

Målet er å gradvis fase inn teknologien som er venta å revolusjonere transportsektoren på norske vegar.

Med sjølvkøyrande køyretøy kjem nye dilemma i trafikken. Viss ikkje alle kan reddast, skal den sjølvstyrande bilen velje å ofre passasjerane eller drepe tilfeldige fotgjengarar?

– Vi treng praktisk erfaring før vi tar dei neste stega. Det er mykje ein treng å lære, men vi trur det best vert gjort ved å prøve det ut i den verkelege verda, seier Solvik-Olsen.

Om lova blir ein realitet, må drosjeselskap, kollektivselskap, bilprodusentar og andre som vil teste førarlause køyretøy, søke løyve hos norske styresmakter.

Tillatinga kan avgrensast til å gjelde eit konkret køyretøy eller ei køyretøygruppe. Ho kan også avgrensast i tid, til eit bestemt geografisk område eller til ei bestemt vegstrekning.

Enkelte forsøk med sjølvkøyrande bussar er allereie gjort i Noreg, men aldri i normal trafikk. (©NPK)

LES OGSÅ: Alle bilane til Tesla skal bli sjølvkøyrande